Hugh Padgham
Hugh Padgham | |||
Fødd | 15. februar 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Amersham | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | pop, kunstrock, progressiv rock | ||
Plateselskap | Universal, Islands, London, London UK,-dur Records | ||
Verka som | produsent, lydteknikar | ||
Sambuar med | Cath Kidston |
Hugh Padgham er ein britisk plateprodusent. Han har vunne mange prisar, mellom anna fire Grammyprisar som årets produsent i 1985 og årets lydteknikar. I 1992 vart han av magasinet Mix kåra til ein av dei ti viktigaste produsentane i verda.
Padgham byrja som assistent i Advision Studios, og arbeidde på innspelingar for Yes og Emerson, Lake and Palmer. Frå der drog han til Lansdowne Studios og vart der leiande lydteknikar. I 1978 fekk Padgham jobb i The Townhouse, der han var lydteknikar og/eller produsent for artistar som XTC, Peter Gabriel og Phil Collins.
Sidan Padgham hadde arbeidd med Gabriel og Collins førte dette til eit langt og særs suksessrikt samarbeid med Genesis i 1980-åra, der han produserte fleire hitalbum og singlar, som Genesis og Invisible Touch. I tillegg arbeidde Padgham på to album av The Police: Ghost in the Machine og Synchronicity, samt Paul McCartney sitt Press to Play og The Human League sitt Hysteria.
I 2000-åra hadde Padgham stor suksess med Sting og McFly.
Padgham er kjend for å ha skapt den portstyrte trommelyden som er så prominent på Phil Collins-songen «In the Air Tonight», og som vart mykje nytta i popmusikken i 1980-åra.
Samarbeid
[endre | endre wikiteksten]Artistar som Padgham har produsert eller vore lydteknikar for er mellom andre:
- 311
- Bee Gees
- David Bowie
- Kate Bush
- Toni Childs
- Clannad
- Paula Cole
- Phil Collins
- Julian Cope
- Sheryl Crow
- Melissa Etheridge
- Mick Farren
- The Fixx
- Peter Gabriel (lydteknikar, 1980)
- Genesis
- Hall & Oates
- The Human League
- I Was a Cub Scout
- Elton John
- The Lightyears
- Anni-Frid Lyngstad (lydteknikar)
- Madness (miksing, 1988)
- Mansun
- Paul McCartney
- McFly
- Mike + The Mechanics
- Youssou N'Dour
- The Police
- The Psychedelic Furs
- L. Shankar
- Split Enz
- Sting
- Sweet
- The Tragically Hip
- Van der Graaf Generator (miksing, 2010)
- The Volts
- Brian Wilson
- XTC (lydteknikar, 1979, 1980, 1982)
- Yes
- Frank Zappa
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hugh Padgham» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: