Idomeneo
K. 366 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
| |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1781 | ||
Urframføring | 29. januar 1781 | ||
Typisk lengd | 167:54 | ||
Satsar/akter | 34 (Akt 3) | ||
Libretto av | Giambattista Varesco |
Idomeneo, re di Creta ossia Ilia e Idamante (italiensk for Idomeneo,[1] kongen av Kreta, eller Ilia og Idamante; vanlegvis berre kalla Idomeneo, K. 366) er ein italiensk opera av Wolfgang Amadeus Mozart. Librettoen vart tilpassa av Giambattista Varesco frå ein fransk tekst av Antoine Danchet, som vart sett til musikk av André Campra som Idoménée i 1712. Mozart og Varesco vart bestilte i 1780 av Karl Theodor, kurfyrste av Bayern, for hoffkarnevalet hans. Han valde truleg temaet for operaen, men det kan òg ha vore Mozart.[2]
Stilen med koralar, marsjar og ballettar var veldig fransk. Operaen vart først framført i Cuvilliés teater i München Residenz den 29. januar 1781, dirigert av Mozart sjølv. Idomeneo var den første modne operaen til Mozart. Dramatisk høyrer operaen til opera seria-tradisjonen med formell bruk av koralar. Mozart krangla mykje librettisten og kutta mykje og gjorde store endringar, sjølv ned til spesifikke ord og vokalar som songarane mislikte.[3] Idomeneo vart framført tre gonger i München. Ei konsertframføring vart gjeven i 1786 i Palais Auersperg i Wien. For dette skreiv Mozart noko ny musikk, kutta ut noko og endra Idamante frå ein kastrat til ein tenor.
I dag er Idomeneo ein del av standardrepertoaret i opera.
Roller
[endre | endre wikiteksten]Rolle | Stemme | Premierebesetning, 29. januar 1781 (Dirigent W. A. Mozart) |
---|---|---|
Ilia, dotter til kong Priam av Troja | sopran | Dorothea Wendling |
Idomeneo (Idomeneus), Kongen av Kreta | tenor | Anton Raaff |
Idamante (Idamantes), sonen til Idomeneo | sopran kastrat, seinare omskriven til tenor | Vincenzo dal Prato |
Elettra (Electra), prinsessa av Argos | sopran | Elisabeth Wendling |
Arbace (Arbaces), Idomeneo sin fortrulege | tenor | Domenico de' Panzacchi |
Høgstepresten av Neptun | tenor | Giovanni Valesi |
Stemma til orakelet til Neptun | bass | |
To kretiske kvinner | sopran og mezzo-sopran | |
To trojanarar | tenor og bass |
Instrumentering
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Ariar
[endre | endre wikiteksten]
Akt 1
|
Akt 2
|
Akt 3
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Idomeneo» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mal:IPA-it
- ↑ David Cairns, Mozart and his Operas, 2006, s. 36. University of California Press. ISBN 978-0520228986
- ↑ Cairns, p. 45
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Idomeneo: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Idomeneo: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Synopsis Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine., Metropolitan Opera
- San Diego OperaTalk! with Nick Reveles: Mozart's Idomeneo Arkivert 2009-10-10 ved Portuguese Web Archive
- Libretto