Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini
«Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» er ein amerikansk noveltysong skriven av Paul Vance og Lee Pockriss. Songen fortel historia som ei sjenert jente i bikini som held kroppen nedsenka i vatnet for å ikkje bli sett.
Brian Hyland with orchestra, leia av John Dixon, spelte inn songen. «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» blei gjeven ut på singelen Leader L-805 i juni 1960 og på Kapp K-342 i juli 1960. Produsentar var Don Kirschner og Al Nevins.[1] B-sida var «Don't Dilly Dally Sally».
Den kvinnelege røysta som seier «One, two, three, four» på innspelinga tilhøyrde Trudy Packer.[2]
Songen har også blitt spelt inn på tysk av Club Honolulu (Caterina Valente og broren Silvio Francesco) med tittelen «Itsy Bitsy Teenie Weenie Honolulu Strand Bikini» (tysk tekst av Rudolf-Günter Loose), fransk og italiensk med Dalida og dessutan i mange versjonar på engelsk, mellom dei Lisa del Bo, ein nederlandsk artist.[3]
Svenske versjonar
[endre | endre wikiteksten]Karl Lennart skreiv ein svensk tekst. Den svenske tittelen er identisk med originaltittelen.
- Britt Damberg spelte inn songen og gav han ut på EP-plata BFB BFB 1045 i 1960[4]
- Lill-Babs spelte òg inn songen oggav han ut på singelen Karusell K 327 i 1960. B-sida var «När ska du bestämma dig, Britt-Mari?»[5]
Norske versjonar
[endre | endre wikiteksten]Arne Bendiksen, Gunnar Jørstad og Finn Evensen har skrive norske tekstar til «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini». Bendiksen sin norske versjon heiter «En bitte bitte liten mini-minimal bikini (polkadot bikini)». Jørstad sin versjon heter «Itsy-Bitsy-Tiny-Viny». Evensen sin versjon har tittelen «Vil du ha sjokolade?».
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]År | Songtittel | Albumtittel | Artist | Tekstforfattar | Platetype | Platemerke og katalognummer |
---|---|---|---|---|---|---|
1960 | «En bitte bitte liten mini-minimal bikini (polkadot bikini)»[6] | Åre Bendiksen med Sigurd Jansens orkester | Arne Bendiksen | Single | Triola TN-222 | |
1973 | «Itsy-Bitsy-Tiny-Viny» | Kjell Vidars igjen... | Kjell Vidars | Gunnar Jørstad | LP | NETT 536 |
2005 | «Vil du ha sjokolade?»[7] | Sokkar i sandalar | Bjølleklang | Finn Evensen[8] | CD | Big Box Music BBRCD 012 |
«Vil du ha sjokolade?» kom òg ut på promotion CD-singlen Bjelle Records BJELLEPROMO 0103 i juni 2003.[9]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Artist | Liste | Høgaste plassering | Veker på lista | Dato for listeplassering |
---|---|---|---|---|
Brian Hyland | Norge VG-lista | # 3 | 11 (# 3 i 1 veke) | 1960 |
Brian Hyland | Storbritannia | # 8 | 13 | 9. juli 1960 |
Brian Hyland | USA Billboard Hot 100-listen | # 1 | 1960 | |
Bombalurina | Norge VG-lista | # 3 | 7 (# 3 i 2 uker) | 1990 |
Hyland sin versjon nådde òg Topp 10 i andre land.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ norwegiancharts.com – Brian Hyland – Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini
- ↑ Whitburn, Joel: The Billboard Book of Top 40 Hits. 8th Edition (Billboard Publishing), s. 297
- ↑ Norwegiancharts.com Bryan Hyland
- ↑ Popmusicinfo
- ↑ Lill Babs – Inspelningar
- ↑ Plateboksen - Arne Bendiksen - Diskografi - Singler[daud lenkje]
- ↑ Bjelleklang - Sokker i sandaler
- ↑ TONO
- ↑ Bjelleklang – Vil du ha sjokolade?
- Denne artikkelen bygger på «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2021.