Jaco Pastorius
Jaco Pastorius | |||
Jaco Pastorius med Weather Report i Convocation Hall, Toronto, 27. november 1977 Foto: Jean-Luc | |||
Fødd | 1. desember 1951 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Norristown i Pennsylvania | ||
Død | 21. september 1987 (35 år) | ||
Dødsstad | Fort Lauderdale i Florida | ||
Fødenamn | John Francis Anthony Pastorius, III | ||
Alias | "Mowgli" | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–1987 | ||
Sjanger | Jazz, jazzfusion, bigband | ||
Instrument | Bass, trommer, piano, korvokal, mandocello, steeltrommer | ||
Kjende instrument | Fender Jazz Bass | ||
Tilknytte artistar | Weather Report, Herbie Hancock, Pat Metheny, Joni Mitchell, Trio of Doom, Blood, Sweat & Tears, Word of Mouth, | ||
Plateselskap | Epic, Warner Bros., Columbia, ECM, CBS, Elektra | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent, lærar | ||
Born | Felix Pastorius |
John Francis «Jaco» Pastorius III (fødd 1. desember 1951 i Norristown i Pennsylvania, død 21. september 1987 i Fort Lauderdale i Florida) var ein innovativ amerikansk bassist som har ei stor rolle i den nyare jazzhistoria,[1] og som blir rekna som ein av verdas mest innflytelsesrike elbassistar.
Han hadde ein spelestil som utmerkte seg med virtuose soli i det høge bassregisteret, flageolettspel i alle posisjonar og ein «syngande» tone. Frå 1979 gav han bass-solokonsertar der han stod aleine på scena. Credoet hans hans var: «Eg spelar bass som om eg spelar med menneskestemma. Eg spelar som eg snakkar.»[2][3]
Pastorius fekk diagnosen bipolar liding i 1982 og døydde i 1987 etter eit slagsmål utanfor ei skjenkestove i Fort Lauderdale.
I 1988 valde lesarane av jazztidsskriftet Down Beat Pastorius inn i Jazz Hall of Fame[4] som den einaste el-bassisten og som ein av fire bassistar totalt.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Barne- og ungdomstid
[endre | endre wikiteksten]Pastorius var son av storbandsongaren og slagverkaren John Francis Pastorius II og Verna Katarina Haapala[5] og var etterkommar etter tyske, irske, finske og svenske innvandrarar.[6] Kort tid etter at han var fødd flytta familien til Oakland Park i Florida. Han gjekk på Northeast High School[7] og var ein talentfull idrettsmann, god i baseball, basketball og amerikansk fotball. Han starta òg opp si musikalske karriere[8] og spelte i fleire skoleband. Femten år gammal blei han med som trommeslagar i bandet The Las Olas Brass. Eit skada handledd gjorde det vanskeleg å spele trommer, så etter ei tid blei han erstatta av ein ny trommis samtidig som bassisten Kenny Neubauer forlèt bandet, og da skifta Pastorius instrument til elektrisk bass.[9]
På undervisningsvideoen Modern Electric Bass seier Jaco Pastorius: «Eg skada handleddet mitt da eg spelte football, noko som fekk meg til å satse på bassen.»
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Pastorius spelte med Supremes og Nancy Wilson på lokale klubbar; han spelte òg med Ira Sullivan, Wayne Cochran og Peter Graves og det førte til at han fort fekk eit namn innom musikk-klubbmiljøet i Sør-Florida. Som medlem av husbandet Bachelors III Club i Fort Lauderdale kom han i kontakt med Pat Metheny og Paul Bley. Etter nokre semester ved University of Miami blei han i 1976 sjølv jazzlærar ved Frost School of Music i same by.
I 1975/76 spelte han med jazzrockbandet Blood, Sweat & Tears. Kort tid etter var han med på opptaka til Joni Mitchell sitt album Hejira. Han gav òg ut sitt eige soloalbum, Jaco Pastorius, der blant andre Herbie Hancock medverka. Dette albumet blei nominert til to grammyprisar. I april same år blei Pastorius med i gruppa Weather Report som han var med i fram til 1982. Det var her han feira sine største triumfar.[10] Frå 1979 gav han fleire bass-solokonsertar, blant anna ved festivalen JazzFest Berlin. Frå 1981 hadde han sitt eige storband, Word of Mouth, der han kunne utfalde seg som komponist. I smågruppe-samanheng spelte han med Hiram Bullock og Kenwood Dennard, i Europa òg med Biréli Lagrène.
Misbruk og depresjonar
[endre | endre wikiteksten]Tidleg i karriera heldt Pastorius seg unna rusmiddel, men i tida med Weather Report byrja han å eksperimentere med alkohol, seinare kom kokain til, og forbruket auka snøgt.[11] Under turneen Word of Mouth i Japan oppførte han seg så uberekneleg at det skapte store problem for bandmedlemmane. Trommeslagaren Peter Erskine sin far, dr. Fred Erskine, antyda at Pastorius viste teikn til bipolar liding, og da dei kom tilbake frå Japan seint i 1982, fekk kona Ingrid han tvangsinnlagd på ein psykiatrisk klinikk. Dei stadfesta diagnosen og forordna litiumterapi for å stabilisere stemningssvingningane.[12]
Etter to veker klarte han å overtale personalet om å sleppe han ut slik at han fekk spele med Peter Graves. Han lova å vende tilbake, men braut løftet. I 1986 var den psykiske helsa til Pastorius blitt enda verre. Han var kasta ut frå leilegheita si i New York og levde på gatene.[13] Ingrid, som nå var eks-kona, fekk han innlagt på ny i juli 1986. På grunn av biverknadane vegra han seg mot litiumbehandling og fekk i staden tegretol.[12] Han flytta tilbake til Fort Lauderdale i desember same år og igjen levde han på gatene i veker av gongen.[13]
Død
[endre | endre wikiteksten]11. september 1987 sneik Pastorius seg ut på scena under ein Carlos Santana-konsert og blei kasta ut frå lokala. Han tok seg fram til Midnight Bottle Club i Wilton Manors, Florida[14] der han skal ha sparka inn ei glasdør etter å ha blitt nekta tilgjenge. I slåsskampen som følgde slo dørvakta, Luke Havan,[15] Pastorius så brutalt at han hamna på sjukehus med fleire brot i andletet og skadar på høgre auge og venstre arm.
Den 21. september 1987 rundt klokka 22:00, etter ni dagar i koma, døydde den 35 år gamle Jaco Pastorius av skadane.[16][10]
Havan blei skulda for forsettleg drap, men blei berre funne skuldig i uaktsamt drap. Han fekk 22 månaders fengsel, men slapp ut etter fire månader for god oppførsel.[17] Seinare sa Luke Havan at han rekna bassisten som ein aggressiv narkotikamisbrukar.
Frå det første ekteskapet med Tracy har han barna John og Mary. Ho er vokalist og frontfigur i gruppa Queen Mary. Tvillingane han i 1982 fekk med den andre kona, Ingrid, er begge musikarar: Felix Pastorius er bassist[18] og Julius Pastorius trommeslagar.[19][20]
Musikalsk betyding
[endre | endre wikiteksten]Med sin virtuose, solistisk prega spelestil omdefinerte Pastorius rolla til den elektriske bassen.[21] Han viste kva den bandlause elbassen har av moglegheiter i jazzen, og fekk dermed ein pregande betydning for den seinare jazzhistoria. Spelestilen hans, med hurtige melodiske løp og bruk av flageolettar i alle posisjonane på gripebrettet sette ein heil ny målestokk for spel på bassgitar. Gode eksempel på det revolusjonerande spelet hans kan ein høyre på «Donna Lee» og hans eigen komposisjon «Portrait of Tracy», begge på debutalbumet Jaco Pastorius (1976) eller på Joe Zawinul-låta «A Remark You Made» på Weather Report-albumet Heavy Weather (1977). Mange seinare bassistar, til dømes Marcus Miller og Victor Bailey, er influert av Pastorius. I det heile påverka Pastorius etterfølgjande bassistar så sterkt at det kan samanliknast med den betydninga Charlie Parker fekk for utviklinga av saksofonspelet i jazzen eller Jimi Hendrix for elektrisk gitar.[22] Jaco Pastorius gav i 1986 ut undervisningsvideoen Modern Electric Bass.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Soloalbumet Jaco Pastorius blei i 1977 nominert for to Grammy Awards, ein for heile albumet, i kategorien ''Best Jazz Instrumental Performance (group), den andre i Best Jazz Instrumental Performance (soloist)) for tolkinga av jazzklassikaren Donna Lee.[23] Ei ny nominering følgde året etter i klassen beste jazz-solist for prestasjonane på Weather Report-albumet Heavy Weather.[24] I kategorien Best Jazz Fusion performance, vocal or instrumental vann han saman med gruppa Weather Report ein Grammy i 1980 for live-albumet 8:30.
I 1988 valde lesarane av jazzmagasinet Down Beat han inn i «Hall of Fame».[25]
1. desember 2008, på det som ville vore Pastorius sin 57. fødselsdag, fekk ein park i heimbyen Oakland Park nytt namn: Jaco Pastorius Park.[26]
Pastorius I Noreg
[endre | endre wikiteksten]Pastorius var i 1983 på Moldejazz med storbandet sitt, Word of Mouth, men han forlot scena etter berra ha spelt eit kvarter. Konserten fekk dårleg kritikk av nokre anmeldarar, som karakteriserte den som «oppstykket, tildels rotete, egosentrisk,»[27] sjølv om andre meinte konserten var god. Seinare same året lovprisa Ketil Bjørnstad den same gruppa si liveplate som blei tatt opp under konsertar i Japan, og oppsummerte med at Pastorius skapte «revolusjon med sitt temperamentsfulle gitarlignende bass-spill som dessuten også innebar en klanglig fornyelse av instrumentet. Pastorius er en polyfon musiker. Han tenker i linjer, i "horisontale" strukturer ... i et overbevisende pastoriusk sammensurium».[28]
Diskografi i utval
[endre | endre wikiteksten]Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]Album | År | Merknader |
---|---|---|
Jaco Pastorius | 1976 | Debutalbumet til Pastorius med coverversjonen av Charlie Parker sin låt Donna Lee. Blei nominert til to Grammys.[23] |
Live At Berliner Jazztage | 1979 | Solokonsert i november 1979 på festivalen Berliner Jazztage |
Word of Mouth | 1981 | Word of Mouth er eit storband som Pastorius var med å starte. Mit dieser nahm er die sieben Titel für dieses Album auf.[29] |
Birthday Concert (live) | 1981 | Tatt opp hos Mr. Pip's i Fort Lauderdale på trettiårsdagen til Jaco Pastorius.[30] |
Invitation (live) | 1983 | Albumet blei tatt opp under turneen med storbandet Word of Mouth i Japan.[31] |
Live in Italy (Live) | 1986 | Konsert i mars 1986 med gitaristen Biréli Lagrène og trommisen Tomas Böröcz. |
Honestly (Live) | 1986 | Solokonsert i mars 1986 i Wels i Austerrike |
Studioarbeid og gjesteopptreden
[endre | endre wikiteksten]Album | Artist | År | Merknader |
---|---|---|---|
Jaco | Paul Bley - Pat Metheny - Jaco Pastorius - Bruce Ditmas | 1974 | Det første studioalbumet Jaco Pastorius medverka på. |
Bright Size Life | Pat Metheny | 1975 | |
All American Alien Boy | Ian Hunter | 1976 | Bass på sju av dei åtte titlane, gitar på den åttandetittelen God [Take 1][32] |
Hejira | Joni Mitchell | 1976 | Pastorius spelar på fire av songane. Han spelte òg med Joni Mitchell på turneen etter platesleppet.[33] |
Land of the Midnight Sun | Al Di Meola | 1976 | ved sida av Stanley Clarke og Anthony Jackson |
Triologue - Live | Albert Mangelsdorff - Jaco Pastorius - Alphonse Mouzon | 1977 | Konsertopptak frå 6. november 1976 i Berliner Philharmonien |
Sunlight | Herbie Hancock | 1977 | på stykket «Good Question» |
Don Juan's Reckless Daughter | Joni Mitchell | 1977 | Bass og slagverk[34] |
Trio of Doom | John McLaughlin - Jaco Pastorius - Tony Williams | 1979 | innspelt dels i studio, dels live på Cuba, publisert i 2007 |
Mingus | Joni Mitchell | 1979 | |
Shadows and Light (Live) | Joni Mitchell | 1979 | Konserten blei tatt opp september 1979 i Santa Barbara County Bowl.[35] |
Mr. Hands | Herbie Hancock | 1980 | på stykket «4 AM» |
Upside Downside | Mike Stern | 1986 | på stykket «Mood Swings» |
Mo' Wabasi | Randy Bernsen | 1986 | på stykka «Swing Thing» og «Californic» |
Stuttgart Aria | Biréli Lagrène & Jaco Pastorius | 1986 | med Vladislav Sendecki, Jan Jankeje |
Med Weather Report
[endre | endre wikiteksten]Album | År | Merknader |
---|---|---|
Black Market | 1976 | Pastorius er med på «Cannon Ball» og på sin eigen komposisjon «Barbary Coast».[36] |
Heavy Weather | 1977 | To titlar av Pastorius: «Havona» og «Teen Town» (òg på trommer). Album blei nominert til ein Grammy.[24] |
Mr. Gone | 1978 | To titlar av Pastorius: «River People» og «Punk Jazz» |
8:30 (Live) | 1979 | Et livealbum sett saman av ulike konsertar, dei fleste frå ein konsert i Long Beach 24. november 1978.[37] Inneheld bass-soloen «Slang». |
Night Passage (Live) | 1980 | Album inneheld musikk tatt opp under fire konsertar på to kveldar i Complex, Los Angeles.[38] «Three Views of a Secret» av Pastorius. |
Weather Report | 1982 | Det siste Weather Report-albumet med Pastorius. Ingen komposisjonar av han. |
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bill Milkowski: The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius. Miller Freeman Books, San Francisco 1995/Backbeat Books 2006, ISBN 978-0-87930-859-9
- Gunther Baumann: Zawinul. Ein Leben aus Jazz. Residenz Verlag, Salzburg 2002, ISBN 978-3-7017-1291-5, Kap. 25: Jaco Pastorius. «den beste bassisten vi nokon gong har hatt», s. 129–133, passim.
- Thomas Steinfeld: In diesem Holz wohnt ein ganz eigener Ton[39]. I: Süddeutsche Zeitung. 16. mai 2008, nr. 113
- Stanton, Scott (2003). The Tombstone Tourist: Musicians. Simon and Schuster. ISBN 0743463307.
Leksikografiske oppføringar
[endre | endre wikiteksten]- Ian Carr og andre: Jazz Rough Guide. Metzler, Stuttgart 1999, ISBN 3-476-01584-X
- Leonard Feather, Ira Gitler: The Biographical Encyclopedia of Jazz. Oxford University Press, Oxford osb. 1999, ISBN 978-0-19-532000-8
- Wolf Kampmann: Reclams Jazzlexikon. Reclam, Stuttgart 2003, ISBN 978-3-15-010528-3
- Martin Kunzler: Jazz-Lexikon. bind 2, Reinbek 2002, ISBN 3-499-16513-9
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Josef Engels: Sag mir, wo die Bässe sind. I: Die Welt, 23. mai 2008, s. 32.
- ↑ Sitert i Sunrise Music Arkivert 2015-06-06 ved Wayback Machine.: «I play bass, as if I play with the human voice. I play as I talk.»
- ↑ Joachim-Ernst Berendt, das jazz buch", S. Fischer, Frankfurt a.M. 1953, nytt opplag 2005; omarbeida og utvida av Günther Huesmann, side 590
- ↑ [http://www.downbeat.com/default.asp?sect=halloffamelist Down Beat si «Jazz Hall of Fame»-liste
- ↑ Information om Pastorius på websida til familien
- ↑ Ingrid's unofficial Jaco Pastorius cyber nest, arkivert frå originalen 22. mai 2009, henta 30. november 2011
- ↑ Milkowski, 2005
- ↑ Biografi på ei fanside, arkivert frå originalen 7. juni 2009, henta 30. november 2011
- ↑ Bill Milkowski: Jaco, The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius, s. 27
- ↑ 10,0 10,1 Reinhard Bock: In Memoriam: Jaco Pastorius 1951-1987
- ↑ Bill Milkowski: The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius.
- ↑ 12,0 12,1 Ingrid's Jaco Cybernest; Mind II
- ↑ 13,0 13,1 Torn Moon 1987
- ↑ Stanton s. 195
- ↑ Jeff Stratton (30. november 2006). «browardpalmbeach.com». browardpalmbeach.com. Arkivert frå originalen 15. september 2007. Henta 19. juli 2011.
- ↑ Biografi på webside til Warner Music, arkivert frå originalen 12. juni 2010, henta 30. november 2011
- ↑ Broward Palm Beach News 2006
- ↑ Felix Pastorius, arkivert frå originalen 2. februar 2012, henta 30. november 2011
- ↑ Julius Pastorius, arkivert frå originalen 23. juni 2012, henta 30. november 2011
- ↑ Besetninga i Herrnkind, arkivert frå originalen 2. juni 2011, henta 30. november 2011
- ↑ Würdigung bei NRP
- ↑ Robert Fischer: «Anything goes» i All that Jazz. Die Geschichte einer Musik. Reclam Verlag, Stuttgart. 3., utvida og oppdaterte utgåva 2007, s. 415
- ↑ 23,0 23,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 26. januar 2009, henta 30. november 2011
- ↑ 24,0 24,1 Heavy Weather på den offisielle heimesida til Jaco Pasotius, arkivert frå originalen 5. mars 2007, henta 30. november 2011
- ↑ Biografi om Jaco Pastorius på downbeat.com, arkivert frå originalen 18. november 2008, henta 30. november 2011
- ↑ Webside om Jaco Pastorius Park, arkivert frå originalen 7. juni 2009, henta 30. november 2011
- ↑ Ivar Moe og Knut Borge (26.7.1983). «Rotete Jaco». VG.
- ↑ Ketil Bjørnstad (21.9.1983). «Elbassens fornyer». VG.
- ↑ «Word of Mouth» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 23. mars 2009, henta 30. november 2011
- ↑ «Birthday Concert» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 4. april 2010, henta 30. november 2011
- ↑ «Invitation» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 17. juli 2010, henta 30. november 2011
- ↑ «All American Alien Boy» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 11. mai 2009, henta 30. november 2011
- ↑ [https://web.archive.org/web/20090312050730/http://www.jacopastorius.com/music/essential/joni_hejira.asp Arkivert 2009-03-12 ved Wayback Machine. "Hejira" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
- ↑ "Don Juan's Reckless Daughter" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 26. april 2010, henta 30. november 2011
- ↑ "Shadows and Light" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 5. april 2009, henta 30. november 2011
- ↑ "Black Market" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 12. juni 2009, henta 30. november 2011
- ↑ "8:30" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 15. mars 2010, henta 30. november 2011
- ↑ Night Passage på den offisielle Jaco Pastorius Homepage, arkivert frå originalen 1. januar 2008, henta 30. november 2011
- ↑ In diesem Holz wohnt ein ganz eigener Ton