James Craig, 1. visegreve Craigavon
James Craig, 1. visegreve Craigavon | |||
| |||
Fødd | 8. januar 1871 Belfast | ||
---|---|---|---|
Død | 24. november 1940 (69 år) | ||
Statsborgar av | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Parti | Ulster Unionist Party | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Merchiston Castle School | ||
Mor | Eleanor Gilmour Brown | ||
Far | James Craig | ||
Ektefelle | Cecil Tupper | ||
Barn | James Craig, 2nd Viscount Craigavon, Patrick William Dennis Craig, Ellinor Aileen Cecil Craig | ||
Medlem | Orangeordenen | ||
Alle verv |
|
James Craig, fyrste visegreve Craigavon (8. januar 1871–24. november 1940) var ein framståande irsk unionistpolitikar, truleg den viktigaste på heile 1900-talet. Craig var leiar for Ulster Unionist Party og den fyrste statsministeren for provinsen Nord-Irland. Hsn vart britisk baronett i 1918 og vart forfemja inn i adelen som visegreve i 1927.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]James Craig vart fødd i den nordlege delen av grevskapet Down som det sjuande barnet og den sjette sonen av James Craig og Eleanore Craig (fødd Gilmore Browne).[1] På morsida ætta han på ein velståande familie som åtte eigedom i Belfast og ein gard ved Lisburn.
Faren hadde skotsk slektsbakgrunn, og var ein oppkomlingskapitalist som hadde arbeidd seg opp og fram gjennom møllearbeid og linbleiking.[2] Til slutt hadde han vorte millionær og eigar av whiskeydestilleriet Dunville & Co, som har vore ein av svært få irske whiskeyprodusentar som har skrive whiskey utan e, det vil seia på den skotske måten.</ref> Engelskspråklege Wikipedia - https://en.wikipedia.org/wiki/Dunville_%26_Co .</ref>
Faren sende James Craig til skulegang på Merchiston Castle School i Edinburgh, Skotland. Etter skulegangen starta han med aksjemekling, og han skipa medkvart eige firma i Belfast.[3]
Militær karriere
[endre | endre wikiteksten]James Craig meldte seg til teneste for den tredje battaljonen i Royal Irish Rifles i januar 1900 for å delta i den andre boarkrigen. Royal Ulster Rifles og Royal Irish Rifles var irskrekrutterte avdelingar i den britiske hæren, dei vart tilordna det nyskipa Imperial Yeomanry, og Craig tenestegjorde som løytnant. I mai 1900 vart han teken til fange av boarane, men vart slept fri på grunn av ein øyreskade. Då han friskna til vart han sett inn i teneste som deputy assistant director for Imperial Military Railways, der han skal ha utmerkt seg som ein dugande organisator. I juni 1901 vart han send heim på grunn av dysenteri, og då han friskna til att var krigen over. Han vart like etter forfremja til kaptein i tredje bataljon av Royal Irish Rifles. Det militære skal ha passa han godt, men Craig skal ha vore kritisk til profesjonaliteten og effektiviteten i den britiske hæren.[4]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]James Craig tok ogso sjølv ansvar for å delta i organiseringa av propaganda for Nord-Irland, si regjering og sitt parti i media både i Nord-Irland, i Storbritannia og elles gjennom rolla som president i Ulster Association ein periode frå 1922.
Regjeringane Craig (1921-1940)
[endre | endre wikiteksten]Ministerpost | Namn | Periode |
---|---|---|
Statsminister | James Craig, seinare 1. visegreve Craigavon | 7. juni 1921–24. november 1940 |
Finansminister | Hugh Pollock | frå 7. juni 1921 |
J.M. Andrews | frå 21. april 1937 | |
Minister for "Home affairs" | Richard Dawson-Bates | frå 7 juni 1921 |
Utdanningsminister | Markien av Londonderry | frå 7. juni 1921 |
James Caulfeild, 8. viscount Charlemont | frå 8. januar 1926–13. oktober 1937 | |
J.H. Robb | frå 1. desember 1937 | |
Landbruksminister | Edward Archdale | frå 7. juni 1921 |
Basil Brooke | frå 1. desember 1937 | |
Arbeidsminister | J.M. Andrews | frå 7. juni 1921 |
D.G. Shillington | frå 21. april 1937 | |
J.F. Gordon | frå 29. august 1938 | |
Handelsminister | Milne Barbour | Posten oppretta 16. juni 1925 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Art Byrne og Sean MacMahon: Great Northerners. Swords, Poolbeg 1994 ISBN 1-85371-106-3 s. 54.
- ↑ Craig, James - first Viscount Craigavon i Oxford Dictionary of Biography. https://www.oxforddnb.com/view/10.1093/ref:odnb/9780198614128.001.0001/odnb-9780198614128-e-32609. https://doi.org/10.1093/ref:odnb/32609 Lese 16. juli 2019.
- ↑ Engelskspråkleg Wikipedia James Craig, 1. viscount Craigavon, https://en.wikipedia.org/wiki/James_Craig,_1st_Viscount_Craigavon - lese 16. juli 2019.
- ↑ Avsnittet om militær karriere er eit samandrag av eit tilsvarande avsnitt frå engelskspråkleg Wikipedia: https://en.wikipedia.org/w/index.php?title=James_Craig,_1st_Viscount_Craigavon&action=edit , lese 16. juli 2019. St. John Ervine: Craigavon Ulsterman. London, George Alle & Unwin Ltd 1949 s. 54-65 gjev og detaljar om den militære karriera til Craig.