Jan Johansen
Utsjånad
Jan Johansen | |
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. desember 1944 (79 år) Tønsberg |
Idrett | padling |
Tok del i | canoeing at the 1968 Summer Olympics – men's K-4 1000 metres, canoeing at the 1972 Summer Olympics – men's K-4 1000 metres |
Utmerkingar | Fearnleys olympiske ærespris |
Jan Johansen (fødd 3. desember 1944) er ein norsk tidlegare kajakkpadlar frå Tønsberg som saman med Steinar Amundsen, Tore Berger og Egil Søby vart olympisk meister 1968 i firarkajakk, europameister 1969, verdsmeister 1970 og vinnar av OL-bronse 1972 i same øvinga. Johansen var medlem i Tønsberg Kajakklubb.
Johansen vann elles VM-sølv 1966, EM-sølv 1969 og VM-sølv 1971 i toarkajakk i par med Egil Søby. Han vann 6 nordiske meistertitlar og i perioden 1962–83 34 NM-medaljar, fire i einarkajakk. Johansen vart tildelt kongepokalen i 1965 og Fearnleys olympiske ærespris i 1968.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1944
- Norske padlarar
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1968
- Norske deltakarar under sommar-OL 1968
- Padlarar under sommar-OL 1968
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1972
- Norske deltakarar under sommar-OL 1972
- Padlarar under sommar-OL 1972
- Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris
- Folk frå Tønsberg