Jelena Guljajeva
Utsjånad
Jelena Guljajeva | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 14. august 1967 (57 år) Moskva |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Jelena Viktorovna Guljajeva, fødd Rodina, (fødd 14. august 1967 er ein russisk tidlegare høgdehoppar. Ho vann sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1994.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha vore utestengt frå friidretten i to år tok Guljajeva femteplassen under VM 1993 i Stuttgart. Året etter sikra ho seg sølvmedaljen då EM 1994 fann stad i Helsinki, slovenske Britta Bilač var suverent best i tevlinga. Guljajeva vart nummer fire i OL-finalen 1996 med sterke 1,99 meter. Den 23. mai 1998 i Kalamáta presterte ho livsbeste gjennom å gå over 2,01 meter. Tre månader seinare hamna ho på sjetteplassen under EM i Budapest.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Under eit stemne i Roma i juli 1991 testa Jelena Rodina positivt i ei dopingprøve. Ho vart dømd for bruk av dopingmidlar og utestengt i to år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 – 1,94 m
- EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 1,96 m, bakom Britta Bilač (2,01 m)
- OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 1,99 m
- EM 1998 i Budapest: Nr 6 – 1,92 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 12 – 1,93 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 10 – 1,90 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jelena Wiktorowna Guljajewa» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2021.