Jijel
Jijel | |||
by | |||
Land | Algerie | ||
---|---|---|---|
Provins | Jijelprovinsen | ||
Distrikt | Jijeldistriktet | ||
Koordinatar | 36°49′N 05°46′E / 36.817°N 5.767°E | ||
Høgd | 10 m | ||
Areal | 62,38 km² | ||
Folketal | 131 513 (2008) | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Postnummer | 18000 | ||
Jijel 36°49′14″N 5°46′00″E / 36.820555555556°N 5.7666666666667°E | |||
Jijel i Jijelprovinsen
| |||
Wikimedia Commons: Jijel | |||
Nettstad: http://www.jijel-dz.org/ |
Jijel (arabisk جيجل) eller Djidjelli er provinshovudstad i Jijelprovinsen nordaust i Algerie. Byen har eit folketal på 131 513 etter folketeljinga i 2008. Han har kyst mot Middelhavet i Corniche Jijelienne.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Jijel er eit administrasjons- og handelssentrum i ein region som spesialiserer seg i kork-, lêr- og stålproduksjon. Lokale avlingar er mellom anna sitrusfrukter og korn. Fiske er også ein viktig næringsveg. Turistar, hovudsakleg frå Algerie, kjem til Jijel på grunn av landskapet og sandstrendene. Som turistby har Jijel mange hotell og restaurantar. I nærleiken av byen finst fønikiske gravminne.
Byen ligg 30 km unna Taza nasjonalpark, som mellom anna er habitat for den truga berbarapen (Macaca sylvanus). Apen hadde tidlegare eit mykje vidare utbreiingsområde.[1]
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Jijel er bygd etter moderne planar med breie alléar. Miljøet rundt er dominert av tett korkeikskog. Ei halvøy ligg like utanfor kysten og eit citadell ligg nord for byen. Jijel har eit sjukehus, eit universitet og fleire moskear. Ei katolsk kyrkje som tidlegare låg her er no blitt riven.
Det barske landskapet gjer Jijel noko isolert. Byen har likevel vegsamband med større byar som Bejaïa (90 km vest), Setif (135 km sørvest) og Constantine (150 km søraust). Byen har også ein flyplass, Jijel Ferhat Abbas lufthamn.
Det er bygd ei høvesvis ny hamn ved Djen Djen,[2] rundt 11 km aust for Jijel. Hamna kan handsama lasteskip med djupner på opptil 18,2 m.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Jijel (Igilgili) var først folkesett av berbarstammar - den best kjende var Kutama. Byen var opphavleg ein fønikisk handelspost.[3] Han blei deretter halden av romarane (som Igilgili) og deretter av vandalane, bysantinarane, arabarane og genovesarane.
På 1500-talet blei han teken av den osmanske admiralen Hayreddin Barbarossa. I juli 1664 tok Frankrike kontroll over byen. Det blei organisert motstand under Shaban Aga, og franskmennene blei drivne ut i oktober same året. Jijel blei verande ein tilhaldsstad for barbareskpiratar fram til byen blei teken av Frankrike att i 1839. Sterk lokal motstand som omsider blei slått ned i 1851 førte til konstruksjonen av tre festningar ved sørgrensene av byen og minimal kolonisering. Byen blei rasert av eit jordskjelv i 1856.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jijel» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- C. Michael Hogan. 2008. Barbary Macaque: Macaca sylvanus, GlobalTwitcher.com, ed. Nicklas Stromberg Arkivert 2009-08-31 ved Wayback Machine.
- Encyclopædia Britannica. 2002. Edition 15, v. 6 ISBN 0-85229-787-4, ISBN 978-0-85229-787-2
- Enterprise Portuaire de Djen Djen. 2009. Port Authority Website Arkivert 2008-11-03 ved Wayback Machine.