Hopp til innhald

Jimmy Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmy Miller
Statsborgarskap USA
Fødd 23. mars 1942
Brooklyn
Død

22. oktober 1994 (52 år)
Denver

Yrke musikkprodusent, songtekstforfattar, låtskrivar, pianist
Språk engelsk
Far Bill Miller
Ektefelle Kerri-Anne Kennerley

James «Jimmy» Miller (23. mars 194222. oktober 1994) var ein amerikansk plateprodusent som produserte album for The Spencer Davis Group (og var medlåtskrivar på songen «I'm a Man» med Steve Winwood), Nirvana, Blind Faith, Bobby Whitlock, Kracker og The Rolling Stones (alle album frå Beggars Banquet til Goats Head Soup), The Plasmatics og Motörhead. Han produserte òg The Move-singelen «Blackberry Way».

Nokre av albuma som Miller produserte for Rolling Stones, Beggars Banquet, Let it Bleed, Sticky Fingers og Exile on Main Street, vert generelt rekna som dei viktigaste utgjevingane til bandet.

Som perkusjonist var Miller kjend for ein særeigen trommelyd, særleg med the Rolling Stones og han spelte stundom òg perkusjon på platene deira, mellom anna den kjende kubjølleopninga på «Honky Tonk Women», trommene på «You Can't Always Get What You Want», «Happy» og «Shine a Light».