Jute
Jute er ein tekstilfiber laga av stilkar frå juteplantar (Corchoru capsularis og C. olitorius). Fiberen blir særleg brukt til å laga grovt lerret (strie) til sekkar og liknande, men kan også spinnast til mjukt stoff som kan brukast til klede. Jute stammar frå Sør-Asia der ein har dyrka planten sidan minst 800 f.Kr.
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]Juteplantar veks i fuktig, tropisk klima og er særleg vanlege i Asia. Dei blir opptil 5 meter høge, medan jutetrevlane ein gjer om til fiber som regel er 1–2,5 m lange. Dei er mjuke, silkeglinsande og gulkvite eller sølvgrå. Utvinninga skjer ved avskrelling og påfølgjande gjæring (røyting) i 8–10 dagar.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Jute blir brukt til framstilling av teppe, linoleum, veggtapet, møbelstopping, sekkestrie, vesker, tau, papir[1] og klede, der blanding med silke, bomull og ulike kunstfiber kan gje ulike stoffkvalitetar.
Jute er ikkje så sterkt som lin og tapar styrke når han blir våt. Stoffet blir raskt brote ned i sollys og mørknar. Nedbryting og endring kan vera eit problem når stoffet til døme blir brukt som teppebotn, men kan også vera ønskeleg, som når ein ønsker eit midlertidig, nedbrytbart materiale i naturen.
Juteindustri
[endre | endre wikiteksten]Bangladesh er den største juteprodusenten i verda, og rundt ein fjerdedel av innbyggjarane i landet er på eitt eller anna vis involvert i juteindustrien. Bruken av jute har gått ned etter at kunstfiber har teke over mange av bruksområda hans, og juteproduksjon er derfor mykje mindre lønnsomt enn det brukte å vera.
Dei ti største juteprodusentane i verda i 2011[2] | ||
---|---|---|
Land | Produksjon (tonn) | |
Bangladesh | 1 523 320 | |
India | 1 237 270 | |
Kina | 43 500 | |
Burma | 30 000 | |
Usbekistan | 18 930 | |
Nepal | 14 418 | |
Vietnam | 14 000 | |
Zimbabwe | 2 298 | |
Egypt | 2 200 | |
Thailand | 2 184 | |
Verda | 2 861 996 |
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Pulp & Paper». jute.org. Arkivert frå originalen 10. juli 2004.
- ↑ Food And Agricultural Organization of United Nations: Economic And Social Department: The Statistical Division. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
«jute» i Store norske leksikon, snl.no.
- Om Løypestrengen Arkivert 2013-09-27 ved Wayback Machine.
- Jute: Fiber of the Future, fibre2fashion.com
- Jute, nrk.no