Hopp til innhald

Kamtannhai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamtannhai
Kamtannhai
Kamtannhai
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av kamtannhai
Utbreiinga av kamtannhai
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Orden: Hexanchiformes
Familie: Hexanchidae
Slekt: Hexanchus
Art: Kamtannhai H. griseus
Vitskapleg namn
Hexanchus griseus

Kamtannhai (Hexanchus griseus) er den største haien i ordenen Hexanchiformes. Han kan vekse til over 4,8 m i lengd.

Tannsettet til kamtannhai teikna av Tony Ayling

Kamtannhaien er ovovivipar, han er arten som får største ungekull i denne ordenen, frå 22 til 108 ungar i kullet, på ca. 70 centimeter. Han lever på djupt vatn, under 90 m, og er funnen ned til 1 875 meter under havyta. Som andre artar som lever djupt er kamtannhaien kjent for å gjere vertikale vandringar gjennom natta for så å returnere til si naturlege djupn før daggry.

Arten lever i alle tropiske og tempererte marine område og kan vandre så langt nord som til dømes norskekysten.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kamtannhai