Killers er det andre studioalbumet til det engelske heavy metal -bandet Iron Maiden , gjeve ut den 2. februar 1981 på EMI Records i Storbritannia og 6. juni 1981 på Harvest og Capitol Records i USA. Albumet var det første med gitaristen Adrian Smith , og det siste med vokalisten Paul Di'Anno , som fekk sparken etter problem med å alkohol og kokain , som gjekk utover sceneframføringa hans.[ 7] Killers var òg det første Iron Maiden-albumet med assistanse frå produsenten Martin Birch , som produserte dei neste åtte albuma deira, fram til og med Fear of the Dark (1992).
Killers var det andre og siste Iron Maiden-albumet med vokalisten Paul Di'Anno (vist her i 2008).
Killers er det einaste Iron Maiden-albumet med to instrumentalar, og nesten heile albumet vart skrive av Steve Harris ,[ 8] med berre nokre få bidrag frå resten av bandet (tittelsporet og «Twilight Zone» er dei einaste songane der andre òg er tilskrivne som låtskrivarar). Kvar song, med unntak av «Murders in the Rue Morgue» (basert på soga med same namn av Edgar Allan Poe )[ 9] og «Prodigal Son», vart skriven i åra før debutalbumet vart spelt inn,[ 10] men ingen av dei vart spelt inn profesjonelt før innspelinga av Killers , utanom «Wrathchild» (ein tidleg versjon vart spelt inn i 1979 for samleplata Metal for Muthas ).[ 10]
Den nordamerikanske utgåva, som kom ut nokre få månader etter den britiske utgåva, vart først gjeve ut på Harvest Records /Capitol Records og sidan på Sanctuary Records /Columbia Records . Songen «Twilight Zone » vart òg lagt til albumet.
Killer-turneen etter albumet var første gongen bandet spelte i USA. Den første konserten deira i USA var på The Aladdin i Las Vegas som oppvarmingsband for Judas Priest .[ 11] Songen «Wrathchild» er den einaste songen frå albumet som ofte vert spelt på konsertane deira, og er spelt på nesten alle turneane deira.
Alle songar er skrivne av Steve Harris , utanom der andre er nemnde.
1. «The Ides of March» (instrumental ) 1:48 2. «Wrathchild» 2:54 3. «Murders in the Rue Morgue» 4:14 4. «Another Life» 3:22 5. «Genghis Khan» (instrumental) 3:02 6. «Innocent Exile» 3:50
1. «Killers» Paul Di'Anno , Harris4:58 2. «Prodigal Son» 6:05 3. «Purgatory » 3:18 4. «Drifter» 4:47 Total lengd: 38:18
1. «The Ides of March» (instrumental) 1:48 2. «Wrathchild» 2:54 3. «Murders in the Rue Morgue» 4:14 4. «Another Life» 3:22 5. «Genghis Khan» (instrumental) 3:02 6. «Innocent Exile» 3:50
1. «Killers» Di'Anno, Harris 4:58 2. «Twilight Zone » Dave Murray , Harris2:33 3. «Prodigal Son» 6:05 4. «Purgatory» 3:18 5. «Drifter» 4:47 Total lengd: 40:51
1. «The Ides of March» (iInstrumental) 1:46 2. «Wrathchild» 2:55 3. «Murders in the Rue Morgue» 4:19 4. «Another Life» 3:23 5. «Genghis Khan» (iInstrumental) 3:09 6. «Innocent Exile» 3:54 7. «Killers» Harris, Di'Anno 5:01 8. «Prodigal Son» 6:12 9. «Purgatory» 3:20 10. «Twilight Zone» Murray, Harris 2:33 11. «Drifter» 4:49 Total lengd: 41:21
1. «Women in Uniform» (opphavleg av Skyhooks) Greg Macainsh 3:07 2. «Invasion» Harris 2:38 3. «Phantom of the Opera» (live) 6:55 4. «Running Free» (live) Harris, Di'Anno 3:07 5. «Remember Tomorrow» (live) Harris, Di'Anno 5:44 6. «Wrathchild» (live) Harris 2:52 7. «Killers» (live) Harris, Di'Anno 4:50 8. «Innocent Exile» (live) Harris 3:46
Den originale australske versjonen av albumet inneheldt òg coverversjonen av Skyhooks -songen «Women in Uniform », som tidlegare var gjeven ut som singel i 1980.[ 12] Det amerikanske Castle Records gav ut albumet med ei bonusplate som inneheld fleire konsertopptak som opphavleg kom ut på EPen Maiden Japan i 1981.[ 13]
Songen «Wrathchild» vart spelt i 2003 av det engelske metal-bandet Sikth og finst som B-sida til singelen deira «Scent of the Obscene ».[ 14] Songen vart òg spelt av den kvinnelege bandet The Iron Maidens i 2007 på albumet Route 666 og igjen i 2008 av Gallows på hyllestplata Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden gjeve ut av Kerrang! .[ 15] «Wrathchild» finst i PlayStation 2 -spelet Guitar Hero Encore: Rocks the 80s .[ 16]
Frå plateomslaget:[ 3] [ 17]
↑ Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years . Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
↑ Ikkje opphavleg på albumet, men lagt til på seinare utgåver
↑ Bushell, Garry ; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 83. ISBN 0-946391-84-X .
↑ Bushell, Garry ; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 88. ISBN 0-946391-84-X .
↑ 3,0 3,1 Killers . Iron Maiden . EMI . 2 February 1981.
↑ Huey, Steve. Killers av Iron Maiden på Allmusic . Henta 26 June 2011.
↑ Popoff, Martin (November 1, 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties . Burlington, Ontario , Canada : Collector's Guide Publishing . s. 170. ISBN 978-1-894959-31-5 .
↑ Stagno, Mike (27 June 2006). «Iron Maiden - Killers » . Sputnikmusic . Henta 26 June 2011 .
↑ Saulnier, Jason (22 November 2012). «Paul Di’Anno Interview, Legendary Singer talks Life on the Road» . Music Legends. Henta 29 April 2013 .
↑ Doran, John (2005). «Murder Most Foul». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem : 144.
↑ Brannigan, Paul. «Hack Job?». Kerrang! Legends (2): 26–27.
↑ 10,0 10,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 183. ISBN 1-86074-542-3 .
↑ Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 251. ISBN 1-86074-542-3 .
↑ «Iron Maiden - Killers 1981 Australian LP» . Discogs . Henta 22. august 2016 .
↑ «Iron Maiden - Killers 1995 US 2CD» . Discogs . Henta 22. august 2016 .
↑ «Sikth - Scent Of The Obscene» . Discogs . Henta 22. august 2016 .
↑ «Kerrang! Maiden Heaven Track Listing Revealed!» . Kerrang! . 25 June 2008. Henta 9 November 2010 .
↑ «Gitar Hero Encore: Rocks The 80s : Complete List Of Songs Revealed» . Blabbermouth.net . 4 July 2007. Henta 22. august 2016 . [daud lenkje ]
↑ Killers Remastered . Iron Maiden . EMI . 1998.
↑ «Iron Maiden - Killers » . Ö3 Austerrike Topp 40 (på tysk). Austriancharts.at. Henta 22. august 2016 .
↑ Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5 .
↑ «Iron Maiden - Killers » . Media Control Charts (på tysk). Charts.de. Henta 22. august 2016 .
↑ «Iron Maiden - Killers (album)» . Recording Industry Association of New Zealand . Charts.org.nz. Arkivert frå originalen 11. november 2012. Henta 22. august 2016 .
↑ «Iron Maiden - Killers » . VG-lista . Norwegiancharts.com. Henta 22. august 2016 .
↑ 23,0 23,1 «Iron Maiden - Killers » . Sverigetopplistan . Swedishcharts.com. Henta 22. august 2016 .
↑ «1981 Top 40 Official UK Albums Archive - 28 February 1981» . Official Charts Company . Henta 22. august 2016 .
↑ «Iron Maiden - Killers - Billboard Albums» . AllMusic . Rovi Corporation . Henta 22. august 2016 .
↑ «Iron Maiden - Killers (album)» . IFPI Hellas . Greekcharts.com. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 22. august 2016 .
↑ «UK Singles Archive- 21 March 1981» . Official Charts Company . Henta 22. august 2016 .
↑ «Iron Maiden Chart History» . Official Charts Company . Henta 1 August 2012 .
↑ «UK Albums Archive- 3 March 1990» . Official Charts Company . Henta 22. august 2016 .
↑ «UK Albums Archive- 10 March 1990» . Official Charts Company . Henta 22. august 2016 .
↑ «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – Killers» . Music Canada . 30 January 1991. Henta 22. august 2016 .
↑ «French album salstrofé – Iron Maiden – Killers» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique . 1993. Henta 22. august 2016 .
↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Iron Maiden; 'Killers')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie . Henta 22. august 2016 .
↑ «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 22. august 2016 .
↑ «British album salstrofé – Iron Maiden – Killers» . British Phonographic Industry . Henta 22. august 2016 . Enter Killers in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
↑ «American album salstrofé – Iron Maiden – Killers» . Recording Industry Association of America . Henta 22. august 2016 . If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
Studioalbum Konsertalbum EP-ar Samlealbum Plateboksar Videoalbum Singlar Andre songar Tilknytt