Hopp til innhald

Kirkibost

Koordinatar: 57°34′N 7°25′W / 57.56°N 7.42°W / 57.56; -7.42
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkibost
Lokalt namn Eilean Chirceboist
Geografi
Kirkibost is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°34′N 7°25′W / 57.56°N 7.42°W / 57.56; -7.42
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 2,05 km²

Høgaste punkt 7 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Kirkibost er ei flat øy vest for North Uist i Ytre Hebridane i Skottland.

Sørenden av Kirkibost

Kirkibost, er i lag med naboøya Baleshare, dekt av machair med kystsletter dekte med skjelsand og delvis gras oppå, samt nokre sanddyne, myrer og torvmyrer. I lag med Baleshare dannar ho ein Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse).[1] Dei vesle øyane Eilean Mòr, Bior-eilean og Sròmaigh ligg mellom Kirkibost og North Uist.

Øyane er viktige for åkerrikse, forskjellige vadefuglar og overvintrande fuglevilt.[1]

  1. 1,0 1,1 Scottish Natural Heritage (Mars 2002). «SSSI Management Statement: Baleshare & Kirkibost SSSI». Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 19. juli 2007.