Kjole og kvitt
Utsjånad
Kjole og kvitt, livkjole eller snippkjole er eit gallaantrekk for menn.
I klenaden inngår livkjole med lange skøytar bak, bukser med silkerender, kvit vest og kvit sløyfe. Buksa og jakka er vanlegvis av svart tøy. Buksa har silkeband som render i sidene. Kvit stiveskjorte, kvit vest og sløyfe høyrer til.[1]
Kjole og kvitt er etter det høgaste sivile gallaantrekket for menn,[1] i norsk kultur jamstilt med bunaden. Det er tradisjonell bryllupsklenad for brudgommen.
Fasongen går tilbake til motedrakten som blei vanleg for menn i 1820-åra.[1]
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Prins Philip av Storbritannia i gallaantrekk; kjole og kvitt med dekorasjonar.
-
Mustafa Kemal Atatürk i kjole og kvitt på 1920-talet.
-
Parisisk moteteikning av kjole og kvitt som aftanantrekk frå 1912.
-
Engelsk mann (Mr John Delacour) i livkjole med mørk vest i 1885.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «snippkjole» i Store norske leksikon, snl.no.