Klinaelva
Utsjånad
Klina (Клина) | |||
elv | |||
Land | Kosovo | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 393 km² | ||
Lengd | 62 km | ||
Kjelde | Fjellet Suva Planina sør for Gazivode i Kosovo | ||
Munning | Kvite Drin, nær Klina | ||
Klinaelva 42°36′41″N 20°34′06″E / 42.6114°N 20.5683°E | |||
Wikimedia Commons: Klina (river) |
Klina (serbisk Клина; albansk Klina) er ei elv i Kosovo, ei 62 km lang sideelv til Kvite Drin frå venstre. Ho renn berre innanfor sjølve Kosovo.
Klina spring ut på søraustsida av Suva Planina, sør for den kunstige innsjøen Gazivode i elva Ibar. Mellom landsbyane Tušilje og Ovčarevo tar Klina imot den største sideelva si, Move. Langs den nedre delen av elva går ein del av den transbalkanske jernbanen mellom Prishtina og Peć. Elva renn inn i byen Klina og like etter munnar ho ut i Kvite Drin.
Elva har eit stort potensiale for produksjon av vasskraft, men dette er ikkje utbygd. Klina høyrer til nedslagsfeltet til Adriahavet og har sjølv eit nedslagsfelt på 393 km².
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klina River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: