Klosters-Serneus
Utsjånad
Klosters-Serneus | |||
---|---|---|---|
Klosters Dorf | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Graubünden | ||
Distrikt | Prättigau/Davos | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
193,16 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
3 892 20,1 /km² | ||
Koordinatar | 46°53′0″N 9°53′0″E / 46.88333°N 9.88333°E | ||
Høgd over havet | 1179 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7250 Klosters-Platz 7252 Klosters-Dorf 7249 Serneus | ||
Nettstad: www.klosters-serneus.ch |
Klosters, offisielt Klosters-Serneus, er ein kommune i distriktet Prättigau/Davos i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 3 892 innbyggjarar (2010) og eit areal på 193 km². Kommunesenteret ligg 1 179 meter over havet, ca. 10 km frå Davos.
Turisme er hovudnæring, og Klosters er særleg kjend som vintersportstad, 150 km frå Zürich, den næraste internasjonale flyplassen. Reisa tar kring 1,5 time. Klosters ligg 10 km frå Davos.
Kommunen ligg i Klosters kreis og vart skapt i 1865 då dei tidlegare kommunane Serneus og Klosters vart slått saman. Kommunen har i nordaust ei om lag 15 kilometer lang grense til Austerrike. Verstanclahorn, ein av toppane i Silvrettafjella, er det høgste fjellet i Klosters-Serneus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klosters-Serneus» frå Wikipedia på tysk, den 19. oktober 2011 og «Klosters-Serneus» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.