Hopp til innhald

Knut Ødegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Ødegård

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1945 (79 år)
Molde kommune
Yrke skribent, lyrikar, statsstipendiat
Knut Ødegård på Commons

Knut Ødegård (fødd 6. november 1945) er ein norsk forfattar, omsetjar, kritikar og organisasjonsmann fødd i Molde. Han debuterte i 1967 med ei diktsamling, og har sidan gjeve ut eit femtitals bøker: Lyrikk, skjønnlitterær prosa,essay, fagbøker, barne- og ungdomsbøker og ei lang rad gjendiktingar av utanlandsk poesi og prosa. Dikta hans er omsette til 42 språk.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Ødegård tok examen artium ved Molde kommunale høgre ålmennskule i 1965 og studerte teologi og filologi i Oslo og sidan i Cambridge i England. Ødegård var frå 1969 til 2009 litteraturkritikar i Aftenposten, frå 2009 i Vårt Land. I perioden 1975–77 var han forlagssjef i Noregs Boklag i Oslo. Han har òg vore kultur- og kinosjef i Kristiansund og fylkeskultursjef i Sør-Trøndelag.[2]

Knut Ødegård har budd skiftevis i heimbyen Molde og i ReykjavikIsland, der han var direktør for Nordens hus 1984–89. Han vart utnemnd til statsstipendiat i 1989.[1] I 1997 vart han norsk generalkonsul til Nord-Makedonia.

Ødegård var initiativtakar og president for Bjørnsonfestivalen i Molde i ti år (1992–2002), der han for ettertida er ærespresident. I 2003 tok han initiativet til Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet, der han var president til ut året 2014. Han var kunstnarleg leiar for Nordisk Poesifestival, Rolf Jacobsen-dagene på Hamar (2007-2009) og generalsekretær for The European Academy of Poetry (2009-2013).

Han har omsett ei rekkje bøker frå mellom anna islandsk. I perioden 2013-2016 gav han ut fire ruvande band med gjendiktingar av samtlege eddadikt frå hovudhandskriftet Codex Regius med kommentarar.

Han er kommandør med stjerne av Den Islandske Falkeorden og Riddar 1. kl. av Den Kongelege Norske Fortenstorden. I 2010 blei han teken inn i den pavelege Riddarordenen av Den Heilage Grav i Jerusalem der han i 2016 vart forfremma til kommandør.

Diktsamlingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Drøymaren, vandraren og kjelda – (Noregs Boklag 1967)
  • Konsert i eit kvitt hus – (Noregs Boklag 1968)
  • I pensjonatet – (Noregs Boklag 1970)
  • Det mørke regnet – (Aschehoug 1972)
  • Vind gjennom Romsdal – (Noregs Boklag 1978)
  • Biesurr, laksesprang – (Cappelen 1983)
  • Kinomaskinist – (Cappelen 1991)
  • Molde, mitt Molde (dikt og prologar ved eit jubileum) – (Dahl Libris og Molde kommune 1992)
  • Buktale – (Cappelen 1994)
  • Dikt i utval, redigering og forord av Kolbein Falkeid og Edvard Hoem – (Cappelen 1995)
  • Missa, etterord ved pater Kjell Arild Pollestad – (Cappelen 1998)
  • Stephensen-huset – (Cappelen 2003)
  • "Kringsjå", redigering og forord av Thorvald Steen (Cappelen 2005)
  • "Det blomstra så sinnssjukt"; (Cappelen 2009)
  • "Drankarar og galningar"; (Cappelen Damm 2015)
  • "Tida er inne"; (Cappelen Damm 2017)

Samlingane er utgjevne på 39 språk, mellom anna fem einskilde samlingar på engelsk.

Inger Johanne Brunvoll Band gav i 2002 ut musikkalbumet Nysilt bygd på dikt av Knut Ødegård.

  • Liabonden, epistlar (Via Media 2014)
  • UFO og englar over Holmarka, epistlar (Via Media 2016)
  • Fuglespråk. Claus Hoel Kringsjås historie, roman (Cappelen Damm 2019)
  • Johannes, Simon, Søren og vi, epistlar (Via Media 2019)

Ungdomsromanar

[endre | endre wikiteksten]

Bjørnstjerne Bjørnson: Dikt i utvalg, (Den norske Bokklubben 1979)

  • Island, øya mellom øst og vest (forord av president Vigdís Finnbogadóttir) – (Aschehoug 1992)
  • Island, fra saga til samtid – (forord av Vigdís Finnbogadóttir) (Aschehoug 1998)
  • "Eksempelet Island. Om hvordan nykapitalismen angriper et folk" (red., Arneberg Forlag 2010)
  • "Olav den hellige. Spor etter helgenkongen (s.m. Lars Roar Langslet) (Press Forlag 2011)
  • "Mennesket i sorteringssamfunnet" (red., Arneberg Forlag 2011)

Barnebøker

[endre | endre wikiteksten]
  • Fuglen og draumen, illustrert av Frits Solvang – (Noregs Boklag 1974)

Gjendiktingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Einar Bragi: Regn i mai – (Noregs Boklag 1973)
  • Færøysk lyrikk, med essay – (1974)
  • Gyula Illyés: Dikt i utval, saman med Vince Sulyok – (Aschehoug 1974)
  • Ólafur Jóhann Sigurðsson: Ved brunnane – (Aschehoug 1976)
  • Broder Eysteinn (Eysteinn Ásgrímsson): Lilja, med essay – (Tiden Norsk Forlag 1980)
  • Einarr Skúlason: Geisli, med essay – (Tiden Norsk Forlag 1982)
  • Thor Vilhjálmsson: Fort fort, sa fuglen (Fljótt, fljótt sagdi fuglinn), med etterord – (Det Norske Samlaget 1983)
  • Moderne islandske dikt, med essay – (Det Norske Samlaget 1990)
  • Matthías Johannessen: Om vindheim vide, eller Nå gror jord som før (Vellekla) – (Cappelen 1994)
  • Milan Richter: Røter i lufta, saman med Lubo Mauer og Ivan Čičmanec – (Cappelen 1996)
  • Matthías Johannessen: «Salmer i atomalderen» (innleiing ved Lars Roar Langslet), Cappelen 2001
  • «Grøne dikt. 9 moderne irske lyrikarar» (saman med Jostein Sæbøe), Cappelen 2005
  • Jóhann Hjálmarsson: «Storm er et vakkert ord», Poema-serien, Solum 2007
  • Friedrich Schiller: "Don Carlos" (Samlaget 2010)
  • "Fine spinn av draumar. Makedonske dikt" (saman med Yasminka Markovska), Dreyers Forlag 2011
  • "Edda-dikt I, Voluspå og Håvamål", gjendikting og kommentarar, forord av Vigdís Finnbogadóttir (Cappelen Damm 2013)
  • "Edda-dikt II, Gudedikt", gjendikting og kommentarar, forord av Jon Fosse (Cappelen Damm 2014)
  • Gerður Kristný: "Blodhest", gjendikting og essay (Nordsjøforlaget 2014)
  • "Edda-dikt III, Heltedikt, del 1", gjendikting og kommentarar, forord av Lars Roar Langslet (Cappelen Damm 2015)
  • "Edda-dikt IV, Heltedikt, del 2", gjendikting og kommentarar, forord av Kari Vogt (Capelen Damm 2016)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1975
  • Bastianprisen (1984) for omsetjing av Fort fort, sa fuglen
  • Kommandør (storridderkorset) av Den islandske Falkorden (1993)
  • Order of Merit (1993)
  • Riddar 1. klasse av Den Kongelige Norske Fortjenstorden (1998)
  • Æresdoktor i litteratur World Academy of Arts and Cultures, Mexico (1999)
  • Anders Jahres kulturpris (2001)
  • Molde kommunes kulturpris (2001)
  • Jan Smrek-prisen, Slovakias litteraturpris (2007)
  • Møre og Romsdal Fylkes kulturpris (2009)
  • Riddar av den romersk-katolske Riddarordenen av Den Heilage Grav i Jerusalem (2009)
  • Gullmedalje (1. pris) World Congress of Poets, Taiwan
  • Doblougprisen (2011)
  • The Golden Key of Smederevo, Serbias internasjonale poesipris (2014)
  • Michai Eminescu Special Award, Romanias internasjonale poesipris (2015)
  • Æresmedlem i Norges Bondelag (2015)
  • Molde Mållags heiderspris (2015)
  • Kosovos internasjonale lyrikkpris The Golden Grape (2016)
  • Kommandør av den romersk-katolske Riddarordenen av Den Heilage Grav i Jeruslaem (2016)
  • Kommandør med stjerne av Den islandske Falkeorden (2017)
  • Ulaanbaatars internasjonale lyrikkpris, Mongolia (2017)
  • Æresprofessor i moderne litteratur ved statsuniversitetet for kunst og kultur, Ulaanbaatar, Mongolia (2017)
  1. 1,0 1,1 «Knut Ødegård», www.cappelendamm.no (på norsk) (Cappelendamm), henta 24. november 2019 
  2. Hovde, Kjell-Olav (22. mai 2019). «Knut Ødegård». Store norske leksikon (på norsk).