Kontinentalkeltiske språk
Utsjånad
Kontinentalkeltiske eller fastlandskeltiske språk er ei samlenemning på dei keltiske språka som ikkje er øykeltiske. Dei kontinentalkeltiske språka vart snakka på det europeiske kontinentet, og dei er alle døydd ut. Det eine keltiske språket som i dag blir snakka på fastlandet, bretonsk, er eit øykeltisk språk, det blir snakka av etterkommarar av britar som utvandra til fastlandet, i det fjerde hundreåret.
Sannsynlegvis var det for to tusen år sidan mange keltiske språk på det europeiske kontinentet. Vi har litt kjennskap til fire kontinentalkeltiske språk:
- Gallisk i Frankrike
- Galatisk i vestlege delar av Tyrkia
- Lepontisk i Norditalia
- Keltiberisk på Pyrenéhalvøya