Hopp til innhald

Kontinentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Kontinentet» er ikkje eintydig definert. Kontinentet - utanom Finland, Sverige og Noreg - omtrentleg avmerkt på eit europakart. Kartet har òg merka av mellom anna Danmarks største øy, som knapt kan reknast som del av Kontinentet.
«Kontinentet» som omfattar heile det europeiske fastlandet.

Kontinentet er ei nemning for fastlandet i Europa, det vil seia landmassane bortsett frå Dei britiske øyane, middelhavsøyane og andre øyar. I nordisk samanheng held ein ofte også Den skandinaviske halvøya utanfor definisjonen.[1]

Under Napoleonskrigane innførte Napoleon kontinentalblokaden (fransk blocus continental), også kalla kontinentalsystemet, fastlandsblokaden eller fastlandssperringa, der han prøvde hindra Storbritannia i å driva handel med Kontinentet.[2][3]

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]
Ein versjon av kontinental frukost for to personar.

«Kontinental» kan brukast om ulike omgrep knytt til Kontinentet, til skilnad frå britisk eller skandinavisk bruk. På engelsk har ein til dømes hatt omgrepet Continental Sunday om sundagar ein bruke til offentlege forlystingar og ikkje religiøse syslar, og contintal quilt om fylte dyner til forskjell frå teppe eller quiltar.[3]

I hotellsamanheng nytter ein omgrepet «kontinental frukost» om eit måltid av bakevarer som croissant, bagett og brød, smør, syltetøy og kanskje ost eller skinke til. Han skil seg frå ein varm engelsk frukost.[4]

«Kontroll på Kontinentet» er tittelen på ein song av Kaizers Orchestra, frå albumet Ompa til du dør.

  1. «Kontinentet» (17. mars 2016) i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Brégaint, David (22. februar 2017). Fastlandssperringen. Store norske leksikon. Henta 28. juli 2018. 
  3. 3,0 3,1 «continental, adj. and n.». OED Online. Oxford University Press. juni 2018. Henta 28. juli 2018. 
  4. «Kontinental eller engelsk frokost ?». DFLY.no. flytid.me. Henta 25. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

«Kontinentet» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.