Kumo elv
Kumo elv | |||
elv | |||
Kumo elv i sentrum av Björneborg
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 27 100 km² | ||
Renn gjennom | Björneborg | ||
Lengd | 121 km | ||
Middelvassføring | 231 m³/s | ||
Kjelde | Liekovesi i Vammala | ||
Munning | Bottenhavet ved Björneborg | ||
Kumo elv 61°33′N 21°42′E / 61.55°N 21.7°E | |||
Wikimedia Commons: Kokemäenjoki |
Kumo elv, (finsk Kokemäenjoki) er ei 121 km lang elv i Birkaland og Satakunda i Finland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Liekovesi i Vammala og munnar ut i Bottenhavet i Pihlavaviken i Björneborg.
Kumo elv har eit nedslagsfelt på 27 100 km², og er dermed det fjerde største vassdraget i Finland. Elva har ei middelvassføring på 231 m³/s. Kumo elv er ei mellomstor elv og breidda på ho varierer mellom 20 og 60 meter. Kumo elv er rik på fisk, og dei vanlegaste fiskeartane er laks, regnbogeaure og sjøaure. I 1914 vart den største fisken som nokon gong er fiska i Finland teke i elva, ein stør på 149 kg.
Hamna ved munningen til Kumo elv har sidan 1200-talet vore viktig for sjøtrafikken.
Tre andre elvar munnar ut i Kumo elv: Loimijoki i Vittis, Kauvatsanjoki i Kumo og Harjunpäänjoki i Björneborg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kumo älv» frå Wikipedia på svensk, den 3. april 2007.