Hopp til innhald

Kvit skogfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvit skogfrue

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Cephalanthera
Art: C. longifolia
Vitskapleg namn
Cephalanthera longifolia
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Eurasia og nordvestlege Afrika

Kvit skogfrue (Cephalanthera longifolia) er ein planteskogfrueslekta Cephalantheraorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Kvit skogfrue er, saman med den nærskylde raud skogfrue, utan tvil av dei mest elegante blomsterplantane i Noreg. Planten står stor og høg, 20-50 cm, med lange sverdforma blad i to rader nedover stengelen. Arten er kjenneteikna med ein lang klase med kvite, halvopne blomstrar med ein gul flekk på leppa, og syner godt att i terrenget. Kvit skogfrue står gjerne i små grupper.

Nærbilde av blomstrar med den gule flekken på underleppa

Arten finst frå det sørvestlege Europa og Skandinavia austover til Himalaya.

Arten er først og fremst knytt til kysten, og der til skog og skogkanter på kalkrik, turr og grusete grunn, og helst finn ein planten i skugge eller halvskugge. Hovudtyngda finst langs kysten frå Tvedestrand til Ørland. I tillegg går arten litt inn i landet på Austlandet, med funn i Hurum, Hjartdal og Tokke.[3] I Kvam er kvit skogfrue kommuneblomst.

Arten er sjeldsynt her til lands, og derfor totalfreda.[4] Han er òg på Norsk raudliste for artar (2021) som nær truga (NT).[5]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn vit skogslilja),[6] i Danmark (EN, dansk namn sværd-skovlilje)[7] og i Finland (VU, finsk namn miekkavalkku).[8]

Kvit skogfrue (engelsk namn sword-leaved helleborine) veks spreidde stader i England, Wales, Skottland og Irland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[9] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[10] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England,[11] sårbar (VU) i Skottland[12] og sterkt truga (EN) i Wales.[13] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015,[14] og på den irske raudlista har han status som sårbar (VU).[15]

I Estland (estisk namn valge tolmpea) veks kvit skogfrue først og fremst på Saaremaa og andre øyar og er rekna som sårbar (VU).[16] I Latvia (latvisk namn garlapu cefalantēra)[17] har arten vore rekna som regionalt utdøydd (kategori 0 – iznīkušas),[18], men er etter 2006 registrert tre gonger.[17] I Litauen (litauisk namn kardalapis garbenis) finst arten berre heilt aust i landet og er rekna som sterkt truga (EN).[19][20]

I Benelux er arten (nederlandsk namn wit bosvogeltje, fransk namn céphalanthère à feuilles étroites) svært sjeldan med nokre få spreidde veksestader. Han er òg svært sjeldan og i tilbakegang både i Flandern og i Vallonia.[21][22] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar),[23] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[24][25] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[26]

Kvit skogfrue kan danne hybridar med stor skogfrue (Cephalanthera damasonium × longifolia eller Cephalanthera ×schulzei).[27] I Sverige er hybriden registrert på Gotland,[28] og på Dei britiske øyane i Hampshire og West Sussex.[29]

I Sverige er det òg registrert ein hybrid med raud skogfrue (Cephalanthera damasonium × rubra eller Cephalanthera ×otto-hechtii)[30] med svensk namn hybridskogslilja, berre observert på Gotland.[31]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar kvit skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre kvit skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «Artskart: Kvit skogfrue, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Raudlista: Kvit skogfrue». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Artfakta: Cephalanthera longifolia vit skogslilja». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  7. «Naturbasen: Sværd-Skovlilje Cephalanthera longifolia». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  8. «LAJI: Cephalanthera longifolia». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  9. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  10. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  13. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  14. «S.I. No. 356/2015 - Flora (Protection) Order, 2015.». Irish Statute Book. 2015. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  16. «eElurikkus: Cephalanthera longifolia» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  17. 17,0 17,1 «Latvijas daba: garlapu cefalantēra» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023. 
  18. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  19. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 70-71. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  20. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 394. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023. 
  21. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Cephalanthera longifolia». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  22. «Verspreidingskaart: Wit bosvogeltje – Cephalanthera longifolia». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  23. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  26. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  27. «PoWO: Dactylorhiza × schulzei». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  28. «Artfakta: Cephalanthera damasonium × longifolia stor skogslilja × vit skogslilja». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  29. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  30. «PoWO: Dactylorhiza × otto-hechtii». Plants of the World Online. Henta 30. august 2023. 
  31. «Artfakta: Cephalanthera damasonium × rubra hybridskogslilja». Artdatabanken. Henta 30. august 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]