Kwame Nkrumah
Kwame Nkrumah | |||
| |||
Fødd | 21. september 1909 Nkroful | ||
---|---|---|---|
Død | 27. april 1972 (62 år) | ||
Statsborgar av | Gullkysten, Ghana | ||
Yrke | politikar, skribent, diplomat, foreleser | ||
Utdanna ved | Lincoln University London School of Economics University of Pennsylvania Graduate School of Education Achimota School Lincoln University | ||
Ektefelle | Fathia Nkrumah | ||
Barn | Gamal Nkrumah, Samia Nkrumah, Sekou Nkrumah | ||
Medlem | Phi Beta Sigma | ||
Alle verv |
|
Kwame Nkrumah (21. september 1909–27. april 1972) var ein ghanesisk politikar som vert rekna som ein av dei tydelegaste nasjonalistpolitikarane og frontfigurane i den afrikanske kampen for sjølvstende frå kolonistyret.[1] Då Ghana vart sjølvstendig vart Nkrumah statsminister, og deretter president, i landet frå 1957 fram til kuppet i 1966.[2] Han vert rekna som ein av grunnleggarane av panafrikanismen. Nkrumah var sosialist og var inspirert av Karl Marx,[3] han var også inspirert av den vitskaplege sosialismen etter mønster frå Friedrich Engels.[treng kjelde]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Nkrumah vart fødd i Nkroful i Gullkysten (seinare Ghana), og heitte opphavleg Francis Nwia-Kofi Ngonloma. Etter å ha gått på Achimota School i Accra, og deretter på det romersk-katolske seminaret i Amisano, arbeidde han som lærar på ein katolsk skule i Axim. Seinare reiste han til USA, og studerte ved Lincoln University i Pennsylvania. I 1942 fullførte han ein mastergrad (MSc) i utdanning, og i 1943 ein mastergrad (MA) i filosofi ved dette universitetet.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]I 1945 flytta han til London for å studere ved London School of Economics and Political Science. Men etter å ha treft George Padmore vart han involvert i organiseringa av den sjette pan-afrikanske kongress i Manchester. Han engasjerte seg i arbeidet for dekolonisering av Afrika, og vart viseformann i den vestafrikanske studentunionen i England.
Nkrumah vende heim til Gullkysten i 1947, og gjekk inn i United Gold Coast Convention (UGCC), leia av Joseph B. Danqauh. Same år grunnla han eit nytt parti, Convention Peoples Party (CPP), med mottoet Sjølvstyre no. Han forlèt UGCC i 1949, og i desember det året sette han i gang masseaksjonar – boikott, streik og sivil ulydnad – mot dei britiske styresmaktene. Han vart arrestert av britane i januar 1950. Britane bestemte seg for å gje kolonien sjølvstende, og utlyste val til ein lovgjevande forsamling i januar 1951. Nkrumah, som framleis sat fengsla, vann eit sete. Han vart sett fri i februar 1951, og vart invitert til å leide ein overgangsregjering saman med den britiske guvernøren.
Statsminister
[endre | endre wikiteksten]Den 6. mars 1957 vart Ghana erklært uavhengig, og Nkrumah vart utnemnd til statsminister. Landet hadde først den engelske monarken som statsoverhovud, men vart i 1960 republikk. Ei økonomisk nedgangstid følgde, og det oppstod uro. Nkrumah overlevde eit attentat. I 1964 valde han å erklære Ghana som eittpartistat, med seg sjølv som president for livstid. Under eit besøk i Beijing og Hanoi i 1966 vart han avsett saman med regjeringa si etter eit militærkupp.[1]
Eksil
[endre | endre wikiteksten]Nkrumah kunne ikkje vende tilbake til Ghana, og levde derfor i eksil i Guinea. Han fortsette derifrå sitt arbeid for panafrikansk eining. I april 1972 reiste han til Romania for å få medisinsk behandling, og døydde der.
Han skreiv fleire bøker, blant anna Kvifor Afrika må einast (1963), Den afrikanske personlegdomen (1963), Handbok for revolusjonær krigføring (1968) og Klassekamp i Afrika (1970).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Eriksen, Tore Linné: Kwame Nkrumah i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mars 2024.
- ↑ «Kwame Nkrumah» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 9. mars 2024.
- ↑ «Osagyefo Dr. Kwame Nkrumah» (på engelsk). Kwame Nkrumah Memorial Park. Henta 9. mars 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Kwame Nkrumah» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2008.