Lady Jane
Lady Jane Singel av The Rolling Stones frå albumet Aftermath | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. april 1966 | |
Innspelt | 6.–9. mars 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:08 | |
Selskap | Decca/ABKCO | |
Komponist | Keith Richards, Mick Jagger | |
Tekstforfattar | Mick Jagger, Keith Richards | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Paint It, Black» (1966) |
Lady Jane | «Have You Seen Your Mother, Baby» (1966)
|
«Lady Jane» er ein song av The Rolling Stones frå albumet deira Aftermath frå 1966. Songen har ein atmosfære frå Elisabeth-tida i teksten og Brian Jones på dulcimer. Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards. På studioutgåva er det ingen trommer, men då songen vart spelt på konsertar, som på konsertalbumet Got Live If You Want It! frå 1966, spelte Charlie Watts trommer.
Songen vart gjeve ut som B-sida til «Mother’s Little Helper» i Amerika. Det var ein av få singlar av the Rolling Stones i Amerika der begge songane nådde Topp 40 på Billboard Hot 100. «Mother’s Little Helper» nådde åttandeplass og «Lady Jane» 24. plass. Songen vart spelt på konsertar i 1966 og 1967, samt fjerde gongen dei spelte på the Ed Sullivan Show. Songen er ein av mange tidlege Stones-songar frå Brian Jones-tida som ikkje har vorte spelt på konsertar etter han døydde.
På albumet Tonight’s the Night av Neil Young frå 1975 har Young «lånt» melodien frå «Lady Jane» på songen «Borrowed Tune» («Lånt melodi»).
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mick Jagger – solovokal
- Keith Richards – akustisk gitar
- Brian Jones – dulcimer
- Jack Nitzsche – cembalo
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[1] | 12 |
Canada Top Singles (RPM)[2] | 91 |
US Billboard Hot 100[3] | 24 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lady Jane» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2009.
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Lady Jane" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.