Larisa Latynina
Larisa Latynina | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 27. desember 1934 (89 år) Kherson |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's individual all-around, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's floor exercise, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's vault, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – women's vault, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's vault |
Utmerkingar | Leninordenen, Æresordenen, Ærestegnets orden, 2. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Ordenen folkenes vennskap, Arbeidets veteran, Medalje ved Moskvas 850-årsjubileum, Merited Coach of the USSR, 3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, Zasluzjennyj rabotnik fizitsjeskoj kultury Rossijskoj Federatsii, Idrettens mester i Sovjetunionen, Silver Olympic Order |
Larisa Semjonovna Latynina, fødd Dirij, (fødd 27. desember 1934) er ein ukrainsk tidlegare turnar frå Kherson som representerte Sovjetunionen. Ho sanka heile 18 OL-medaljar i tida 1956-64.
Latynina vann i alt 9 gull-, 5 sølv- og 4 bronsemedøljar over tre olympiske sommarleikar. Under Sommar-OL 1956 tok ho 4 gull, 1 sølv, 1 bronse. Sommar-OL 1960 enda ho opp med 3 gull, 2 sølv, 1 bronse, medan ho i Sommar-OL 1964 sikra seg 2 gull, 2 sølv og 2 bronser. Ho vart olympisk meister i mangekamp i 1956 og 1960, i frittståande i 1956, 1960 og 1964, i hopp i 1956 og i lagtevlinga i 1956, 1960 og 1964. Latynina vart verdsmeister ni gongar: seks gongar individuelt, mellom anna i mangekamp i 1958 og 1962. Ho vart europameister i mangekamp i 1957 og 1961, i 1957 vann ho alle fem øvingane.
Latynina var landslagstrenar for dei sovjetiske turnjentene frå 1966 til 1977.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Larisa Latynina i Store norske leksikon
- «Larisa Latynina» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1934
- Sovjetiske turnarar
- Ukrainske turnarar
- Verdsmeistrar i turn
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956
- Gymnastar under sommar-OL 1956
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Gymnastar under sommar-OL 1960
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964
- Gymnastar under sommar-OL 1964
- Trenarar