Lars Torstensen Tønsager
Lars Torstensen Tønsager | |||
| |||
Fødd | 14. november 1788 Eidsvoll kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 28. mai 1873 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Lars Torstensen Tønsager (14. november 1788–27. mai 1873) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Eidsvoll.
Han var frå garden Tønsager i Eidsvoll, og overtok i si tid garden etter far sin. Frå 1837 til 1841 var han den fyrste ordføraren i Eidsvoll, og var ordførarar att frå 1843 til 1851. Han hadde ei rekke kommunale verv, var med i forlikskommisjonen, forvalta kornmagasinet i bygda, og skipa Eidsvold Sparebank i 1848. Han stod dessutan i brodden for kampen eidsvollsbøndene førte mot «sølvskatten», eit bankinnskot som det i 1816 vart pålagd folk å betale i gull eller sølv, seinare i pengesetlar, for å skaffe den nyskipa Noregs Bank eit grunnfond på to millionar spesidalar.
Tønsager representerte Akershus amt på Stortinget frå 1830 til 1832, og frå 1839 til 1859. I 1833 møtte han som varamann til Stortinget i staden for den valde representanten Laurentius Borchsenius. Han vart då medlem av Lagtinget, som han òg var på alle Stortingssamlingane han tok del i seinare.
Tønsager vart i 1830 medlem av Bankkomiteen, og var medlem av Bankkomiteen og valkomiteen på Stortingssamlingane i 1839, 1842, 1845 og 1848. I 1848 vart han i tillegg medlem av finanskomiteen, statslånkomiteen og av komiteen for løyvingar til eventuell krig. Han støtta eit omstridt framlegg i Stortinget om å auke sølvfondet i Noregs Bank med ein million spesidalar, men dette vart ikkje vedteke.
I 1851 vart Tønsager formann i Bankkomiteen som den fyrste bonderepresentanten som nokon gong hadde vorte formann i ein stortingskomité. Han medverka til at Kongeriget Norges Hypothekbank vart skipa det same året for å lette gjeldsproblema for bøndene.
Tønsager vart, i eigenskap av stortingsrepresentant i tida 1830–32 og 1839–51, kjend for sin sterke personlegdom, og for at han vart meir og meir konservativ med åra. Han var krass i si omtale av thranittane og gjekk aktivt mot petisjonen frå arbeidarmøtet i 1851, det såkalla «Lilletinget», som skulle vere thranittarrørslas folkelege motsetnad til Stortinget. Han var òg ein krass motstandar av venen Henrik Wergelands kamp for å oppheve dåverande § 2 i Grunnlova som nekta jødar å opphalde seg i Noreg, og vart kritisert av Wergeland for denne haldninga.
Tønsager døydde på Eidsvoll i 1873.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Store norske leksikon
- Biografisk informasjon om Lars Torstensen Tønsager NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1788
- Døde i 1873
- Norske gardbrukarar
- Stortingsrepresentantar 1830-1832
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar for Akershus
- Folk frå Eidsvoll