Ljudmila Ulitskaja
Ljudmila Ulitskaja | |
Verkeleg namn | Людмила Евгеньевна Улицкая |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 21. februar 1943 (81 år) Davlekanovo |
Yrke | skribent, manusforfattar, omsetjar, barnebokforfattar, menneskerettsaktivist, prosaforfatter, dramaturg |
Far | Evgeny Yakovlevich Ulitsky |
Ektefelle | Andrej Krasulin |
Ljudmila Ulitskaja på Commons |
Ljudmila Jevgenjevna Ulitskaja (fødd 21. februar 1943) er ein russisk forfattar som har vidareført og fornya den klassiske forteljartradisjonen i russisk litteratur.[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Ulitskaja er fødd i Davlekanovo i Basjkortostan og er av jødisk herkomst.[2] Etter å ha verka som laboratorieassistent utdanna ho seg til biolog ved Statsuniversitetet i Moskva, der ho kom inn i 1962 etter tre forsøk (universitetet hadde ein uoffisiell kvote for opptak av jødiske studentar). Ho arbeidde deretter med i genetikk.[2]
Ljudmila Ulitskaja gifta seg ung med ein fysikar, som ho skilde seg frå då ho var 25. Ho blei seinare gift med ein genetikar, som ho fekk to søner med.[2]
Ulitskaja mista jobben ved laboratoriet sitt etter å ha betalt ein assistent der for å skriva ein samizdatkopi av Leon Uris si bok Exodus på skrivemaskin. Assistenten melde henne til KGB, og sjølv om dei involverte berre hadde korte avhøyr, blei heile laboratoriet avvikla. Hendinga inspirerte romanen hennar Det grønne teltet. Deretter vigde Ulitskaja seg til familien det neste tiåret. Ho skilde seg etterkvart frå den andre ektemannen sin og blei åleinemor. Mange år seinare gifta ho seg opp att med kunstnaren Andrej Krasulin.[2]
Frå slutten av 1970-talet blei ho involvert med Det jødiske kammermusikkteateret, som framførte musikalar på jiddisk. Ulitskaja kom fram til at ho likte teater, men ikkje teaterstykka. I 1982 slutta ho i rolla som dramaturg og tok eit kurs i å skriva animasjonsmanus. Ho skreiv ulike stykke, ofte for dokketeater. Mange av dei har ein fortsett å framføra sidan.[2]
Etter å ha skrive manus til to filmar i byrjinga av 1990-åra debuterte ho med forteljinga Sonetsjka i 1992 (norsk omsetjing i 2006), som blei svært populær.[1] Under sovjettida hadde Ulitskaja funne ein andeleg heim i ortodoks kristendom, men ho braut med den russisk-ortodokse kyrkja etter at kyrkja fekk ei mektigare stilling etter samanbrotet av Sovjetunionen.[2]
I seinare år har Ulitskaja vore ein aktiv samfunnsdebattant og er rekna som ei modig røyst i Russland.[1] Seint på 1990-talet byrja ho å ta opp mindre saker og skriva om dei, som hjelp for heimlause eller ungdomsinstitusjonar. Ho byrja også så smått å verka som forleggjar.[2] I 2008 byrja ho brevveksla med den fengsla Mikhail Khodorkovskij; breva blei seinare utgjevne i bokform.[2]
På 2010-talet blei ho med i styret til det russiske røystarlaget (избирателей поли́тикой, Izbiratelej politikoj) i kampen mot Putin-styret.[2]
I september 2014 var ho ein av tre underskrivarar på eit ope brev som protesterte mot den russiske krigføringa i Ukraina.[1] Dette året blei ho òg leiar for Russisk PEN.[2] Dagen etter at Russland invaderte Ukraina i 2022 skreiv ho eit innlegg med tittelen «Smerte, frykt, skam» i opposisjonsavisa Novaja Gazeta.[3] I mars 2022 drog ho og mannen i eksil til Berlin.[4]
Litterær stil
[endre | endre wikiteksten]Ljudmila Ulitskaja kombinerer ofte ulike forteljartradisjonar. Sentralt står ofte jødisk tematikk, som blir fletta saman med forteljingar henta frå kvardagen. Romanane hennar fortel om liva til einskildmenneske, og fokuserer på vennskap, tillit og mellommenneskelege relasjonar. Religion, historie, mytologi og politikk blir vovne inn i liva og skjebnane deira på ulike måtar.[1] Tekstane hennar inneheld lite dialog eller skildringar av tankelivet til karakterane, men er meir handlingsdrivne.[2]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Ulitskaja har vunne ei rekkje prisar, blant anna den russiske Booker-prisen for romanen Tilfellet Kukotskij (Kazus Kukutskogo, 2001), som den første kvinna, og Bolsjaja Kniga for Daniil Stein, tolk .[2] Ho har også vunne den italienske Penne-prisen og den franske Médicis-prisen.[1]
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Sonetsjka (Sonetsjka, 1992, kortroman). Norsk omsetjing 2006 ved Marit Bjerkeng.
- Fattige slektninger (Bednyje rodstvenniki, 1993, forteljingar)
- Medea og hennes barn (Medeja i ejo deti, 1996, roman). Norsk omsetjing 2008 ved Marit Bjerkeng.
- Tilfellet Kukotskij (Kazus Kukotskogo, 2001, roman)
- Jenter (Devotsjki, 2002, forteljingar)
- Din egen Sjurik (Iskrenne vasj Sjurik, 2003, roman)
- Barndom 49 (Detstvo 49, 2003, forteljingar)
- Alle vår herres mennesker (Ljudi nasjego tsarja, 2005,forteljingar)
- Daniil Stein, tolk (Daniil Sjtajn, perevodtsjik, 2006, roman)
- Russisk syltetøy og annet (Russkoje varenje i drugoje, 2008, en samling skuespill)
- Det grønne teltet (Zeljonyj sjatjor, 2011, roman)
- Hellig søppel (Svjasjtsjennyj musor, 2012, forteljingar og essays)
- Barndom 45–53: Og i morgen kommer lykken (Detstvo 45–53: A zavtra budet stsjastje, 2013, forteljingar)
- Jakobsstigen (Lestnitsa Jakova, 2015, roman-likning)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Lunde, Ingunn (9. oktober 2019). «Ljudmila Ulitskaja». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 Masha Gessen, The Weight of Words. One of Russia’s most famous writers confronts the state, i The New Yorker, 6. oktober 2014
- ↑ På grunn av russiske sensurlover måtte Novaya Gazeta fjerna artikkelen. Teksten blei gjort tilgjengeleg i andre medium, som «Людмила Улицкая: "Боль. Страх. Стыд"», Litauens nasjonale radio- og TV-selskap, 27. februar 2022
- ↑ NRK (18. mars 2023), «Russisk stjerneforfatter ser mørkt på fremtiden», NRK (på norsk bokmål), henta 21. mars 2023