Lubāns
Utsjånad
Lubāns | |||
innsjø | |||
Land | Latvia | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Rēzekne, Malta, Malmuta, Lisinja | ||
Utløp | Aiviekste | ||
Nedslagsfelt | 2 040 km² | ||
Høgd over havet | 90-93 moh. | ||
Areal | Ved 90 moh: 25 km² Ved 93 moh: 100 km² | ||
Middeldjupn | 1,6 m | ||
Største djupn | 3,5 m | ||
Koordinatar | 56°46′N 26°52′E / 56.767°N 26.867°E | ||
Lubāns 56°45′57″N 26°51′29″E / 56.765833333333°N 26.858055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Lubāns |
Lubāns er den største innsjøen i Latvia. Han ligg sentralt i det austlege låglandet og er ein grunn innsjø som får vatn frå elvane Rēzekne, Malta, Malmuta og Lisinja, i tillegg til fleire mindre bekkar. Ut frå innsjøen renn Aiviekste som er ei av sideelvane til Daugava.
Etter ein øydeleggjande vårflaum i 1926 vart det bygd fleire demningar og dike. Vassinhaldet i innsjøen kan derfor kontrollerast og er mellom 90 og 93 meter over havet. I ei høgd på 90,75 meter har innsjøen eit areal på 25 km², men når høgda er 92,75 m aukar innsjøen til heile 100 km².
Andre små restar etter innsjøar i nedslagsfeltet til Lubans har vorte drenert slik at landområde kunne utnyttast for jordbruk.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Lubāns» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2008.