Hopp til innhald

Müller-gliacelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
3D-animasjon av prosessane i Müller-gliaceller (raud) som er samankopla med mikrogliaceller i netthinna (grøn).

Müller-gliaceller eller Müller-celler er ei form for gliaceller i netthinna. Dei finst i netthinna hjå ryggbeinsdyr, og verkar som støtteceller for nervecellene i netthinna, i likskap med andre gliaceller. Dei er den vanlegaste typen av gliaceller i netthinna, og strekker seg langs heile breidda av nevroretina. Nevroretina er den delen av netthinna som inneheld dei retinale progenitorcellene (RPC), og som gjev opphav til dei sju celletypane i netthinna.

Hovudfunksjonen til Müller-gliaceller er å oppretthalde stabiliteten i det ekstracellulære miljøet ved å regulere nivåa av K+, opptaket av nevrotransmitterar, fjerning av rusk, lagring av glukogen, elektrisk isolasjon av reseptorar og andre nerveceller, og mekanisk støtte for nevroretina.

Rolle i utvikling

[endre | endre wikiteksten]

Forsking har vist at Müller-gliaceller er kritiske for utviklinga av netthinna hjå mus, der dei fremjar vekst og histogenese gjennom ein non-spesifikk esterase-mediert mekanisme.[1] Forsking har òg vist at Müller-gliaceller verkar retningsgjevande for dei utviklande aksona i netthinna hjå kyllingar.[2] Forsking med ein sebrafisk-modell av Ushers syndrom viste at Müller-gliaceller spelte ei rolle i synaptogenese — formasjonen av nye synapsar.[3]

Støtte for nerveceller

[endre | endre wikiteksten]
Romforholdet mellom Müller-gliaceller og mikroglia

I likskap med andre gliaceller spelar Müller-gliaceller ei sekundær, men viktig rolle, for nerveceller. Forsking på skjelpadder har vist at cellene spelar ei viktig rolle som mediatorar for nedbrytinga av nevrotransmittarar (spesifikt acetylkolin og GABA), og i vedlikehaldet av gunstige mikromiljø for netthinna.[4] Forsking har vist at Müller-gliaceller spelar ei viktig rolle i induksjonen av enzymet glutaminsyntetase i kyllingfoster,[5] som er ein viktig faktor i reguleringa av glutamin- og ammoniakk-konsentrasjonen i sentralnervesystemet. Forsking har òg vist at Müller-gliaceller byggjer fundamentet for overførsla av ljos gjennom netthinna hjå ryggbeinsdyr, grunna si strake form, orientering i netthinna, og fordelaktige fysiske eigenskapar.[6]

Ny forsking ser på kva for roller Müller-gliaceller spelar i nerveregenerasjon.[7] Ein har studert Müller-gliaceller i netthinna hjå både sebrafisk[8][9] og kylling,[10] men den eksakte molekylære mekanismen for regenerasjon er enno ikkje forstått. Andre studiar med mus visar at Müller-gliaceller byrjar å dedifferensiere og utvise cellesyklusmarkørar, utan å fullføre mitose, noko som tydar på at det finst ei blokkering for regenerasjonsprosessen som er unik for pattedyr.[11] Forsking på menneskemodellar har vist at Müller-gliaceller har evna til å fungere som stamceller i modne netthinner,[12] og at dei er effektive progenitorar for stavar.[13]

Skade i netthinna hjå sebrafisk har vist at Müller-gliaceller kan undergå dedifferensiering til multipotente progenitorceller. Progenitorcellene vil så dele seg og differensiere til ulike netthinneceller, inkludert fotoreseptorceller, som blei øydelagde etter skaden.[14] Forsking har òg vist at Müller-gliaceller samlar ljos i auga hjå pattedyr, i likskap med den fiberoptiske plata, og leiar ljoset til stavar og tappar i auga.[15]

  1. Bhattacharjee, J.; Sanyal, S. (1975). «Developmental origin and early differentiation of retinal Müller cells in mice». Journal of anatomy 120 (2): 367—372. Henta 29. januar 2015. 
  2. Meller, K.; Tetzlaff, W. (1976). «Scanning electron microscopic studies on the development of the chick retina». Cell and tissue research 170 (2): 145–159. Henta 29. januar 2015. 
  3. Phillips, J. B.; Blanco-Sanchez, B.; Lentz, J. J.; Tallafuss, A.; Khanobdee, K. (2011). «Harmonin (Ush1c) is required in zebrafish Müller glial cells for photoreceptor synaptic development and function». Disease Models & Mechanisms 4 (2): 786–800. Henta 29. januar 2015. 
  4. Sarthy, P. V.; Lam, D. M. (1978). «Biochemical studies of isolated glial (muller) cells from the turtle retina». The Journal of Cell Biology 78 (3): 675–684. Henta 29. januar 2015. 
  5. Linser, P.; Moscona, A. A. (1979). «Induction of glutamine synthetase in embryonic neural retina: localization in Müller fibers and dependence on cell interactions». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 76 (12): 6476–6480. Henta 29. januar 2015. 
  6. Franze, K.; Grosche, J.; Skatchkov, S. N.; Schinkinger, S.; Foja, C. (2007). «Müller cells are living optical fibers in the vertebrate retina». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 104 (20): 8287–8292. Henta 29. januar 2015. 
  7. Sauve, Yves; Gaillard, Frederic (1. mai 2005). Regeneration in the Visual System of Adult Mammals. University of Utah Health Sciences Center (Utah). Henta 29. januar 2015. 
  8. Fausett, B. V.; Goldman, D. (2006). «A role for a1 tubulin-expressing Müller glia in regeneration of the injured zebrafish retina». The Journal of Neuroscience 26: 6303—6313. Henta 29. januar 2015. 
  9. Raymond, P.A. (12. september 2006). «Molecular characterization of retinal stem cells and their niches in adult zebrafish». BMC Developmental Biology 6: 36. Henta 29. januar 2015. 
  10. Fischer, A. J. (6. mars 2001). «Müller glia are a potential source of neural regeneration in the postnatal chicken retina». Nature Neuroscience 4: 247—252. Henta 29. januar 2015. 
  11. Joly, S.; Pernet, V.; Samardzija, M.; Grimm, C. (2011). «Pax6-positive müller glia cells express cell cycle markers but do not proliferate after photoreceptor injury in the mouse retina». Glia 59 (7): 1033–1046. Henta 29. januar 2015. 
  12. Bhatia, B.; Jayaram, H.; Singhal, S.; Jones, M. F.; Limb, G. A. (2011). «Differences between the neurogenic and proliferative abilities of Müller glia with stem cell characteristics and the ciliary epithelium from the adult human eye». Experimental Eye Research 93 (6): 1033–1046. Henta 29. januar 2015. 
  13. Giannelli, S. G.; Demontis, G. C.; Pertile, G.; Rama, P.; Broccoli, V. (2011). «Adult Human Müller Glia Cells Are a Highly Efficient Source of Rod Photoreceptors». Stem Cells 29 (2): 344–356. Henta 29. januar 2015. 
  14. Bernardos, R. L.; Barthel, L. K.; Meyers, J. R.; Raymond, P. A. (2011). «Late-stage neuronal progenitors in the retina are radial Müller glia that function as retinal stem cells». The Journal of Neuroscience 27 (26): 7028—7040. Henta 29. januar 2015. 
  15. Franze, K.; Grosche, J.; Skatchkov, S. N.; Schinkinger, S.; Foja, C. (27. mars 2007). «Müller cells are living optical fibers in the vertebrate retina». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 104 (20): 8287–8292. Henta 29. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]