Manic Street Preachers
Manic Street Preachers | |||
| |||
Alias | The Manics | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1986– | ||
Sjanger | alternativ rock | ||
Instrument | gitar, klaviatur, tromme | ||
Plateselskap | Columbia Records | ||
Prisar | MOJO Awards |
Manic Street Preachers, òg kjent som the Manics, er eit walisisk rockeband som blei skipa i Blackwood i Caerphilly i 1986. Bandet består av Nicky Wire (bassgitar, tekst) og syskenbarna James Dean Bradfield (vokal, gitar) og Sean Moore (trommer, perkusjon, lydlandskap). Dei er ein viktig del av den walisiske kulturrørsla frå 1990-talet kjend som Cool Cymru.
Etter utgjevinga av debutsingelen «Suicide Alley» i 1988, blei Manic Street Preachers ein kvartett då Richey Edwards kom inn som medlåtskrivar og rytmegitarist. Dei tidlege albuma til bandet var i ein pønkaktig stil, men gruppa gjekk etterkvart over til ein meir alternativ rock-aktig stil, medan ho heldt på eit venstreorientert politisk syn i tekstane.[1] Dei tidlege kombinasjonane av androgyne glam-bilde og tekstar om «kultur, framandskap, keisamheit og desperasjon» gav dei lojale tilhengjarar.[2]
Den fyrste singelen til gruppa som gjekk inn på topplistene var «Motown Junk» frå 1991, som blei følgd av debutalbumet, Generation Terrorists, i februar 1992. Dei to neste albuma til bandet var Gold Against the Soul i 1993 og The Holy Bible i 1994,[3] det siste albumet med Edwards, som forsvann i februar 1995 og blei erklært død i 2008.[4] Bandet heldt fram som ein trio og fekk kommersiell suksess med albuma Everything Must Go (1996) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998).
Manics har opptredd på festivalar som Glastonbury, T in the Park, V Festival og Reading, og vunne elleve NME-prisar, åtte Q-prisar og fire BRIT-prisar.[5] Dei blei nominerte til Mercury-prisen i 1996 og 1999, og har hatt ein nominasjon til MTV Europe Music Awards. Bandet har selt meir enn ti millionar album over heile verda.[6] Gruppa har hatt to singlar på fyrsteplassen av den britiske topplista: «If You Tolerate This Your Children Will Be Next» (1998) og «The Masses Against the Classes» (2000), og to album på fyrsteplassen: This Is My Truth Tell Me Yours og The Ultra Vivid Lament (2021).[7] Frå 1991 til 2010 hadde gruppa 33 topp 40-singlar i Storbritannia.[8]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Generation Terrorists (1992)
- Gold Against the Soul (1993)
- The Holy Bible (1994)
- Everything Must Go (1996)
- This Is My Truth Tell Me Yours (1998)
- Know Your Enemy (2001)
- Lifeblood (2004)
- Send Away the Tigers (2007)
- Journal for Plague Lovers (2009)
- Postcards from a Young Man (2010)
- Rewind the Film (2013)
- Futurology (2014)
- Resistance Is Futile (2018)
- The Ultra Vivid Lament (2021)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Final Farewell for a Cult Hero». Arkivert frå originalen 25. august 2011. Henta 9. julu 2012.
- ↑ Price 1999
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Manic Street Preachers». Henta 25. desember 2014.
- ↑ «BBC Wales – Music – Manic Street Preachers – Richey Edwards». Henta 9. juli 2012.
- ↑ «Manic Street Preachers – BRITs Profile». Arkivert frå originalen 15. september 2012. Henta 6. desember 2012.
- ↑ «Manic Street Preachers: 'These are the last burning flames of rock n' roll'».
- ↑ «From Despair to Success». BBC News. 12. februar 1999. Henta 9. juli 2012.
- ↑ «Manic Street Preachers interview».
- Denne artikkelen bygger på «Manic Street Preachers» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2024.
- Price, Simon (1999). Everything (A Book About Manic Street Preachers). London: Virgin Books. ISBN 0-7535-0139-2.
- Clarke, Martin (1997). Manic Street Preachers: Sweet Venom. London: Plexus. ISBN 0-85965-259-9.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Manic Street Preachers-diskografi på Discogs
- Manic Street Preachers ved IMDb