Hopp til innhald

Manuel Azaña

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manuel Azaña

Fødd10. januar 1880
Alcalá de Henares
Død3. november 1940 (60 år)
Statsborgar avSpania
Yrkepolitikar, advokat, skribent
Utdanna vedUniversidad de Zaragoza
Universidad Central
Real Centro Universitario María Cristina de El Escorial
Instituto Cardenal Cisneros
FarEsteban Azaña
EktefelleDolores Rivas Cherif
Alle verv
  • President of the Council of Ministers (1931–1933)
  • president of the Second Republic of Spain (1936–1939)
  • President of the Council of Ministers (1936–1936)
  • ministro de la Guerra (1931–1933)
  • Member of the Cortes republicanas (1931–1931)
  • Member of the Cortes republicanas (1931–1933)
  • Member of the Cortes republicanas (1933–1936)
  • Member of the Cortes republicanas (1936–1939)
  • Spanias statsoverhode (1936–1939) Sjå dette på Wikidata

Manuel Azaña y Díaz (10. januar 18803. november 1940) var ein spansk politikar og forfattar. Han var statsminister 1931–1933 og 1936, i tillegg var han president 1936–1939 i den andre republikken, før og under den spanske borgarkrigen.

Azaña var venstrerepublikanar og steil motstandar av diktatoren Primo de Rivera og frå 1936 av oppreisten til generalen Francisco Franco. Etter revolusjonen i 1931 var han forsvarsminister i den republikanske samlingsregjeringa. Frå oktober 1931 var han statsminister som leiar av det største av dei republikanske venstrepartia. Hausten 1933 gjekk han av. Året etter var han kortvarig arrestert då sosialistar prøvde ta makta i landet. I mars 1936 på ny statsminister i spissen for det som vart kalla folkefronten. To månader seinare innsett som president for den spanske republikken. Han lukkast ikkje stagge Franco-oppreisten mot regjeringa. Etter nederlaget i borgarkrigen flykta han i 1939 til Frankrike, der han døydde året etter.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Manuel Azaña