Hopp til innhald

Marit Julien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Julien
Fødd1958
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist

Marit Julien (fødd 1958) er ein norsk lingvist og professor i nordisk språkvitskap ved Lunds universitet. Ho tok doktorgrad i allmenn språkvitskap ved Universitetet i Tromsø i 2000, med lingvistikk, nordisk og samisk som fag.

Tema for både mastergraden og doktorgraden var nordsamisk syntaks. Tema i forskinga hennar har vore transitivitetsveksling og verbavleiing, men ho har også arbeidd med postposisjonsfrasar.

Marit Julien har primært forska på norsk, men også på svensk. Sentrale tema har vore nominalfrasestruktur, men ho har også arbeidd på setningsnivå, med V2-strukturar, adverbialsyntaks og langdistansebinding.

Formidling

[endre | endre wikiteksten]

Marit Julien har vore ein aktiv formidlar av spørsmål knytt til grammatikk, normering og språkriktigheit, både i allmenne tidsskrift, som Julien 2017b, og på sosiale media, og dermed bidrege til auka innsikt i grammatikk og normering hos språkinteresserte lesarar.

Bibliografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]