Marja-Liisa Kirvesniemi
Marja-Liisa Kirvesniemi | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 10. september 1955 (69 år) Simpele |
Yrke | langrennsløpar |
Høgd | 176 centimeter |
Ektefelle | Harri Kirvesniemi |
Marja-Liisa Kirvesniemi, til 1985 Marja-Liisa Hämäläinen, (fødd 10. september 1955) er ein tidlegare finsk langrennsløpar frå Simpele i Södra Karelen. Ho var den store forgrunnsfiguren under vinter-OL 1984 i Sarajevo, der ho vann alle dei tre individuelle langrennsøvingane, i tillegg tok ho bronse for Finland på stafetten. I 1989 vart ho verdsmeister på 10 km og i stafett på finsk heimegrunn i Lahti, den siste VM-tittelen kom elleve år etter at ho på same staden hadde vunne sin fyrste internasjonale gullmedalje i nøyaktig same øvinga; 4x5 km stafett. Frå 1978 til 1994 vann Hämäläinen-Kirvesniemi 15 olympiske og VM-medaljar i langrenn; seks i gull, fem i sølv og fire i bronse. Fire av medaljane kom i stafettevlingar. Ho er gift med Harri Kirvesniemi.
Marja-Liisa Kirvesniemi vart i 1989 tildelt Holmenkollmedaljen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Marja-Liisa Hämäläinen» frå Wikipedia på bokmål, den 11. januar 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1955
- Finske langrennsløparar
- Verdsmeistrar i langrenn
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Olympiske meistrar for Finland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland
- Finske deltakarar under vinter-OL 1976
- Langrennsløparar under vinter-OL 1976
- Finske deltakarar under vinter-OL 1980
- Langrennsløparar under vinter-OL 1980
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Finske deltakarar under vinter-OL 1984
- Langrennsløparar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Finske deltakarar under vinter-OL 1988
- Langrennsløparar under vinter-OL 1988
- Finske deltakarar under vinter-OL 1992
- Langrennsløparar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1994
- Finske deltakarar under vinter-OL 1994
- Langrennsløparar under vinter-OL 1994