Marte Mjøs Persen
Marte Mjøs Persen | |||
| |||
Fødd | 24. april 1975 (49 år) Bergen | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet (1. mars 2008), Raud Valallianse (11. mars 2007), Raudt (11. mars 2007; 11. februar 2008) | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Norsk olje- og energiminister 2021–2022 | ||
Føregangar | Tina Bru | ||
Etterfylgjar | Terje Aasland | ||
Verv | Ordførar i Bergen 2015–2021 | ||
Føregangar | Trude Drevland | ||
Etterfylgjar | Rune Bakervik | ||
Alle verv |
|
Marte Mjøs Persen (fødd 24. april 1975) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var olje- og energiminister i regjeringa Støre frå 2021 til 7. mars 2022. Deretter tok ho over som Arbeids- og inkluderingsminister fram til 16. oktober 2023.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Persen studerte litteraturvitskap og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Ho har mellom anna jobba som organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund i Hordaland, og vore fylkessekretær i Nei til EU.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Persen var nestleiar i Raud Valallianse frå 2003 til 2006 og representerte valalliansen i Bergen bystyre i perioden 2003-07. Perioden 2007-11 var ho til vararepresentant til bystyret, der ho vore mest oppteken med miljø og byutvikling. Elles har ho engasjert seg i kvinnesaksspørsmål, var mellom anna kvinnepolitisk talsmann for RV.[2] Persen braut med Raud Valallianse i februar 2008, då RV slo seg saman med AKP og grunnla partiet Raudt,[3] og gjekk inn i Arbeidarpartiet 1. mai 2008.
I perioden mellom 2011 og 2015 var ho leiar av helse- og sosialkomiteen i Bergen. I oktober 2015 vart ho vald til ordførar i Bergen, ein byrådsstyrt kommune.
Ho var ordførar i Bergen kommune frå 2015 til 2021.[4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hedda Kurseth & Vilde Helljesen. «Støre: – Ingen av statsrådane har bedt om å fråtre». NRK. Henta 16. oktober 2023.
- ↑ Eilertsen, Ingvild T. (9. mars 2004), «Kvinnenes kamprop», Rana Blad (på norsk), henta 15. oktober 2021
- ↑ Artikkel i Bergens Tidende [daud lenkje]
- ↑ «Marte Mjøs Persen (Ap) er Trude Drevlands etterfølger». Aftenposten. 14. oktober 2015. Henta 15. oktober 2015.
- ↑ «Trillingmor fra Flaktveit blir byens nye ordfører». Bergensavisen. 14. oktober 2015. Henta 15. oktober 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]