Martin Buß
Martin Buß | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 7. april 1976 (48 år) Berlin |
Idrett | friidrett |
Martin Buß (fødd 7. april 1976) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Berlin som tevla i høgdehopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 2001, to år etter han tok bronsemedaljen i den førre verdsmeisterskapen. Vinnarhoppet på 2,36 meter under VM i Edmonton er hans beste høgdehopp nokon gong.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Buß kom på niandeplass i sitt fyrste VM i Aten i 1997. To år seinare ved VM 1999 i Sevilla hoppa han 2,32 m og tok bronse bak russiske Vjatsjeslav Voronin (2,37 m) og Mark Boswell (2,35 m) frå Canada.
Grunna skade gjekk Buß glipp av sommar-OL 2000 i Sydney. Året etter vann han gullmedaljen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton med eit hopp på 2,36 m, framom russarane Vjatsjeslav Voronin og Jaroslav Rybakov som begge fekk sølv med 2,33 m.
Buß var skadd også under OL 2004 i Aten og la sidan opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1997 i Aten: Nr 9 – 2,29 m
- EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 2,32 m
- VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 2,32 m, framom Dragutin Topić(2,32 m)
- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje 2,36 m, framom to sølvvinnarar (2,33 m)
- EM 2002 i München: Nr 7 – 2,25 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Martin Buß» frå Wikipedia på tysk, den 10. september 2014.