Martin Koch
Martin Koch | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 22. januar 1982 (42 år) Villach |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp |
Utmerkingar | æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken |
Martin Koch (fødd 22. januar 1982) er ein austerriksk skihoppar frå Villach. Frå 2006 til og med 2012 har han vunne sju gullmedaljar i laghopping for Austerrike i olympiske tevlingar og ymse verdsmeisterskap. Individuelt har han ein sølvmedalje frå VM i skiflyging 2008 og ein bronsemedalje frå VM i skiflyging 2012. Han er kjend som ein krafthoppar som gjer det særleg godt i dei store hoppbakkane. Faren Fritz Koch deltok i si tid internasjonalt for Austerrike i både kombinert-renn og i skihopping.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Koch slo gjennom i internasjonal hoppsport i 2002-sesongen, der han vart nummer åtte i storbakken under vinter-OL i Salt Lake City og fekk same plassering i verdscupen samanlagt. Dei neste tre sesongane klarte han ikkje å fylgje opp, fyrst i OL-sesongen 2006 kunne han atter måle seg mot dei beste skihopparane i verda. I januar månad vart han nummer fire i VM i skiflyging i Bad Mitterndorf. Månaden etter var han med på å vinne gull i laghopp under OL 2006 i Torino, dei andre på laget var Andreas Widhölzl, Andreas Kofler og Thomas Morgenstern.
Koch vann sølvmedaljen i den individuelle konkurransen under skiflygings-VM i Oberstdorf i 2008, vel ti poeng bakom landsmannen Gregor Schlierenzauer. I lagtevlinga syrgde dei same to austerrikarane for gullmedalje til Austerrike, saman med Andreas Kofler og Thomas Morgenstern. Austerrike med Koch på laget forsvara VM-tittelen i skiflyging for lag både i 2010 og 2012. I 2012-meisterskapen tok han elles bronsemedaljen i den individuelle tevlinga, berre overgått av verdsmeisteren Robert Kranjec frå Slovenia og Rune Velta frå Noreg.
Koch var også med på dei austerrikske firemannslaga som vann gullmedalje i lagtevlinga under ski-VM 2009 i Liberec, i tillegg til begge gullmedaljane då det under ski-VM 2011 i Oslo vart arrangert lagkonkurransar både i normalbakken og storbakken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Martin Koch» frå Wikipedia på tysk, den 13. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Martin Koch – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Martin Koch». olympedia.org. Henta 10. januar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1982
- Austerrikske skihopparar
- Verdsmeistrar i skihopping
- Verdsmeistrar i skiflyging
- Olympiske meistrar for Austerrike
- Olympiske medaljevinnarar i skihopping
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002
- Skihopparar under vinter-OL 2002
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2006
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2006
- Skihopparar under vinter-OL 2006
- Deltakarar under Ski-VM 2007
- Deltakarar under Ski-VM 2009
- Deltakarar under Ski-VM 2011