Melvyn Gale
Melvyn Gale | |||
Fødd | 15. januar 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Fødenamn | Melvyn Gale | ||
Opphav | London | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Cello Klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Electric Light Orchestra Wilson Gale and Co | ||
Plateselskap | Jet Records | ||
Verka som | Musikar |
Melvyn Gale (fødd 15. januar 1952)[1]) er ein engelsk cellist.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Gale studerte ved Royal Academy of Music og Guildhall School of Music and Drama. Han heldt den første profesjonelle konserten sin med London Palladium Orchestra i 1970.[2] Han spelte òg med ballettkompania Bolshoi og Rambert, London Youth Symphony Orchestra, og forskjellige West End-show.
Han var cellist for Electric Light Orchestra frå 1975 då han erstatta Mike Edwards. Han var òg ein dugande pianist og spelte piano på «Wild West Hero» og stundom «Roll Over Beethoven» på konsertane deira.[3]
I 1979 var han med i musikkvideoen til Discovery og spelte i lag med den resten av klassisk besetninga til ELO (Mik Kaminski på fiolin og Hugh McDowell på cello) for sisge gongen. Han vart verande med gruppa fram til Jeff Lynne fjerna strykarane frå besetninga.
Gale og venen Frank Wilson bygde ei platestudio i 1979. Den 12. april 1980 gav dei ut det første albumet sitt, under Wilson Gale & Co. kalla Gift Wrapped Set.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Melvyn Gale» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Face-the-music.de
- ↑ Martin Kinch (December 2009). «THE MELVYN GALE INTERVIEW». Cherry Blossom Clinic. Arkivert frå originalen 8. mars 2012. Henta 11 April 2012.
- ↑ «Melvyn Gale Cello». Face the Music. Henta 11 April 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografi Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.