Mercalliskalaen
Utsjånad
Mercalliskalaen blir brukt for å gi intensiteten til eit jordskjelv ved å studere effekten til skjelvet på menneske og byggverk. Han blei lagt fram av den italienske vulkanologen Giuseppe Mercalli i 1902, og var i ålmenn bruk fram til Richterskalaen kom i 1935. I somme land som USA og Australia er han ennå i bruk i ei noko modifisert utgåve kjend som Den modifiserte intensitetskalaen til Mercalli, gjengitt nedanfor. Forskjellen på den originale skalaen til Mercalli og denne er berre at han er modernisert noko ved at det er tatt inn omgrep som lastebil og seismograf og ved at han er språkleg forenkla; i det store og det heile ser han ut slik Mercalli laga han.
Skalaen
[endre | endre wikiteksten]- (I) - Kjennest ikkje, men blir registrert av seismografar.
- (II) - Kjennest sjeldan og da berre i dei øvre etasjane av bygningar.
- (III) - Kjennest av personar innandørs, som ein passerande lastebil.
- (IV) - Lydar frå vindauge og dører, glas og tallerkenar klirrar. Som eit passerande tog.
- (V) - Kjennest av alle. Ustabile gjenstandar veltar.
- (VI) - Bøker fell ut av hyller. Tre ristar. Lettare skadar.
- (VII) - Vanskeleg å stå. Mange dårlege byggverk blir skada.
- (VIII) - Monnalege skadar. Greiner knekk.
- (IX) - Ålmenn panikk. Alvorlege skadar. Sprekkar i jordskorpa.
- (X) - Dei fleste bygningar rasar. Jernbaneskinner blir bøygde.
- (XI) - Jernbaneskinner blir monnaleg skada. Røyrgater blir øydelagde.
- (XII) - Nesten total øydelegging. Gjenstandar blir kasta opp i lufta.