Metroid Prime 3: Corruption
Metroid Prime 3: Corruption | |||
| |||
Utviklar(ar) | Retro Studios Nintendo | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Mark Pacini | ||
Produsent(ar) | Kensuke Tanabe | ||
Komponist(ar) | Kenji Yamamoto | ||
Serie | Metroid | ||
Plattform(er) | Wii | ||
Utgjeving | NA: 27. august 2007 EU: 26. oktober 2007 JP: 6. mars 2008 | ||
Sjanger | Action-eventyrspel i førsteperson | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 12 | ||
Del av serien Metroid, Metroid Prime⠀ | |||
←Metroid Prime Hunters, Metroid Prime 2: Echoes⠀ · Metroid Prime Trilogy, Metroid Prime 4: Beyond→ |
Metroid Prime 3: Corruption er eit action-eventyrspel i førsteperson, utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo til Wii. Det er ein del av Metroid-serien og det tredje spelet i Metroid Prime-serien. Spelet vart utgjeve i Nord-Amerika og Europa i 2007 og i Japan året etter.
Handlinga i Corruption går føre seg seks månader etter hendingane i Metroid Prime 2: Echoes. Spelet følgjer Samus Aran som konfronterer rompiratar, når dei åtek på flåtestasjonen til Galactic Federation på planeten Norion. Medan dei avverjar åtaket, blir Samus og allierte dusørjegerar infiserte av Phazon av dobbeltgjengaren Dark Samus. Etter å ha mist kontakten med dei andre dusørjegerane, blir Samus send av føderasjonen for å finne ut kva som hende med dei. I løpet av spelet arbeider Samus for å hindre at Phazon spreier seg frå planet til planet, samtidig som ho sakte blir forderva av Phazon sjølv.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Metroid Prime 3: Corruption». Eurogamer. 30. oktober 2007. Henta 12. januar 2020.