Hopp til innhald

Miguel Ángel López

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miguel Ángel López


Statsborgarskap Spania
Fødd 3. juli 1988 (36 år)
Murcia
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2012 – 20 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 20 kilometer kappgang menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 20 km kappgang menn

Miguel Ángel López Nicolás (fødd 3. juli 1988) er ein spansk kappgjengar frå Murcia som vart europameister 2014 og verdsmeister 2015 på 20 kilometer.

López vart femtemann på 20 km under Sommar-OL 2012 i London, der han sette personleg rekord med 1.19.49, 24 sekundar unna bronseplassen. Året etter fekk López bronsemedaljen på distansen ved VM i Moskva, 23 sekundar etter vinnaren Aleksandr Ivanov, ein kar som på si side i 2019 fekk annullert sigeren. I europameisterskapen 2014 vann López 20 km så å seie på målstreken, eitt sekund føre Ivanov og to sekundar framom Denis Strelkov frå Russland og Ruslan Dmitrenko frå Ukraina, sistnemnde hamna då utanfor sigerspallen. Under Friidretts-VM 2015 i Beijing gjekk López sitt livs snøggaste 20 km. Han fekk notert 1.19,14 i sluttid og vann han gullmedaljen med 15 sekundar til gode på arrangørlandets Wang Zhen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]