Hopp til innhald

Mindre bykommunar i Moldova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mindre bykommunar (rumensk oraș) er ei administrativ eining i Moldova. Dei fleste distrikta omfattar ein eller fleire mindre bykommunar og ei rekkje landkommunar (comuna). Kvar av desse kan omfatte fleire busetnader.[1]

Tre av dei større bykommunane (municipiu) står utanfor distriktsinndelinga og står på same administrative nivå som dei 32 distrikta. Dei kan òg romme oraș og comuna. I 2016 fekk nokre fleire oraș status som municipiu, men utan å bli rekna til distriktsnivå.[2]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]