Hopp til innhald

Moland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moland kyrkje
kyrkje
Moland kyrkje
Foto: Vidar Metveit
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Fyresdal
Fellesråd Fyresdal
Type Langkyrkje
Arkitekt H.D.F. Linstow
Material Tre
Innvigd 2. juli 1843
Tårn Ved inngangen i nordvest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1843
Døypefont 1843
Altartavle Bilete måla av Halvor Grool 1738
Orgel Olof Hammarberg 1978
Sitjeplassar 200
Kart
Moland kyrkje
59°10′55″N 8°05′12″E / 59.18198611°N 8.08676389°E / 59.18198611; 8.08676389
Wikimedia Commons: Moland kirke

Moland kyrkje er ei langkyrkje frå 1843 i Fyresdal kommune i Telemark . Ho vart oppført av byggmeister Gunnar Tarjeisøn Klauvreid etter ei typeteikning av H.D.F. Linstow og under tilsyn av Anders Thorsen Syrtveit. Tidlegare har det stått fleire andre kyrkjebygg på staden. Kyrkjestaden vart truleg flytta til prestegarden i Moland i 1342, og kyrkja fekk etterkvart namn etter prestegarden. «Mor» tyder sand- eller grusslette, og namnet har også blitt skrive i fleirtal som Molandene og som Morland. Presteslekta Morland, som lenge var knytt til Fyresdal, tok namn etter staden.

Dåverende kyrkjebygg i 1829 med prestegarden. Teikning av Simon Olaus Wolff.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 162-163. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 486. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]