Hopp til innhald

Monazitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monazitt

Generelt
KategoriFosfatmineral
Kjemisk formel(Ce,La)PO4
Strunz-klassifisering08.AD.50
Identifikasjon
Fargeraudbrun, brun, bleik gul, rosa, grøn, grå
Krystallformvanlegvis som prismatiske eller kileforma krystallar
KrystallsystemMonoklin
TvillingKontakttvillingar er vanleg
Kløyvtydeleg på [100] dårleg på [010]
BrotMuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala5.0 til 5.5
GlansHarpisaktig, glasaktig til adamantin
StrekfargeKvit
TransparensGjennomskinneleg til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt4.6–5.7 (4.98–5.43 for monazitt-Ce)
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.770–1.793
nβ = 1.778–1.800
nγ = 1.823–1.860
PleokroismeSvak
2V-vinkel10–26°
Andre eigenskaparRadioaktiv om thorium-rik, matt brun katodeluminescens, paramagnetisk
Kjelder[1]

Monazitt er eit brunt mineral. Det er eit fosfat av cerium og andre lantanoidar (CePO4) med vekslande mengder thorium. Mineralet har ein monoklin krystallstruktur. Mineralet er utbreidd i små mengder (aksessorisk) i mange bergartar og finst som større krystall på granittpegmatittar (til dømes Østfold og Sørlandet). Det kan anrikast i sandavleiringar, til dømes i Australia, India, Malaysia, Brasil og Florida og er eit viktig råstoff for utvinning av thorium og lantanoidar.

  1. Monazite. Handbook of Mineralogi. (PDF) . Retrieved on 2011-10-14.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]