Hopp til innhald

Mopti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå og regionen Mopti
Mopti
by
Land  Mali
Areal 40 km²
Folketal 120 786 (1. april 2009)[1]
Kart
Mopti
14°29′14″N 4°11′23″W / 14.4873°N 4.1896°W / 14.4873; -4.1896
Wikimedia Commons: Mopti
Kartet viser kvar i Mali Mopti ligg, mellom anna i høve til elva Niger, Ségou og Timbuktu (Tombouctou).

Mopti er hovudstaden og den største byen i regionen Mopti i Mali. Han ligg ved møtepunktet til elvane Niger og Bani, mellom byane Ségou og Timbuktu, om lag 650 km nordaust for hovudstaden Bamako. Mopti, som ligg på tre øyar – Nybyen, Gamlebyen og Medina Coura – og ofte blir kalla «Malis Venezia», er den største hamnebyen i Mali. Elvane og hamna er fulle av store og små båtar av den typen som på fransk blir kalla pinasse – lange, smale trebåtar med og utan motor.

Namnet Mopti

[endre | endre wikiteksten]

Namnet Mopti kjem frå fulfulde, der det har forma Motti, som heng i hop med verbet mooɓtude (også uttala mellom anna mooptude, moptude, moottude og mottude), som tyder 'samle'. Det er staden der elvane Niger (fulfulde Maayo Ɓaleewo 'den svarte elva') og Bani (fulfulde Maayo Raneewo 'den kvite elva') møtest eller samlast. Byen heiter med andre ord nærmast «Åmot».

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Det bur om lag 115 000 menneske i Mopti.[treng kjelde] Dei høyrer til fleire ulike etniske grupper, i fyrste rekkje fulaniar, bozoar, songhaiar, dogonar, soninkear og tuaregar, som lever fredeleg i saman, som vist i filmen L'Esprit de Mopti (1999) av Pascal Letellier og Moussa Ouane.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Mali. Mopti».