Hopp til innhald

Muru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elva Muru renn ut i Gjende ved Memurubu.
Elva Muru renn gjennom Murudalen mot Gjende ved Memurubu.

Muru er ei elv i Lom kommune i Innlandet. Elva er om lag 10 km lang og renn frå Austre Memurubrean til Gjende, ved Memurubu. Elva fører med seg store mengder morenemasse frå isbreen, noko som gjer at vatnet i elva er grågrønt og ugjennomsiktig. Det er Muru som gjeve Gjende den karakteristiske smaragdgrøne fargen.

Muru vert nytta til elvepadling, men er ei krevjande elv. Det finst ingen veg i nærleiken, så padlarar må sjølve bere båtane opp langs elva. Næraste veg er ved Gjendesheim, der det går rutebåt til Memurubu.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.