Hopp til innhald

Nash-likevekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nash-likevekt er eit uttrykk innan spelteori. John F. Nash jr. innførte omgrepskilnaden mellom kooperativ spelteori, som handsamar spel der det kan treffast bindande avtaler, og ikkje-kooperativ spelteori. For den ikkje-kooperative spillteorien utvikla Nash eit likevektomgrep som seinare er vorte kalla «Nash-likevekt» og som har vorte eit standardverktøy innanfor alle område av økonomisk teori.

Nash-likevekta er den rekkja av trekk i eit spel som endar med at når ein spelar ser kva motstandaren har gjort, så angrar ikkje spelaren på sine eigne trekk.

Meir generelt kan ein seia at to strategiar og er i Nash-likevekt dersom:

  1. under den hypotesen der deltakar speler , kan ikkje deltakar spele noko betre enn ; og
  2. under den hypotesen der deltakar speler , kan ikkje deltakar spel noko betre enn .