Neville Southall
Neville Southall i 2007 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Neville Southall | ||
Fødd | 16. september 1958 (66 år) | ||
Fødestad | Llandudno i Wales | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Målvakt | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1980-1981 | Bury | 39 | (0) |
1981-1998 | Everton | 578 | (0) |
1983 | → Port Vale (lån) | 9 | (0) |
1997-1998 | → Southend (lån) | 9 | (0) |
1998 | Stoke City | 9 | (0) |
1998 | Doncaster Rovers | 9 | (0) |
1998-2000 | Torquay United | 53 | (0) |
2000 | Bradford City | 1 | (0) |
2001 | Rhyl | 3 | (0) |
Totalt | 710 | (0) | |
Landslag | |||
1982-1997 | Wales | 92 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Neville Southall (fødd 16. september 1958) er ein walisisk tidlegare fotballspelar frå Llandudno i Wales. Målvakta er kjend for sine 17 sesongar i Everton FC, der han var med om å vinne ligapokalar, FA-cuppokalar og cupvinnarcupen 1985.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Southall spelte 1980/81-sesongen på fjerdedivisjonsklubben Bury. Mot £150 000 vart han sommaren 1981 overført til topplaget Everton. Fyrst hausten 1983 vart han eit opplagt fyrsteval på målvaktsplassen i klubben. Dei neste åra var han ein solid sisteskanse for ein klubb som sanka fleire store meistertitlar. I 1984 var Southall med på å vinne FA-cupen, og våren etter vart han ligameister, få dagar etter stod han i målet då Everton i Rotterdam slo Rapid Wien 3-1 i finalen i cupvinnarcupen. Same året vart han kåra til årets spelar av dei engelsk sportsjournalistane. I 1987 vart Southall ligameister for andre gong. Deretter gjekk Everton sine år som storlag over. Southall vart likevel verande i klubben, og kunne i 1995 gledje som over å vinne FA-cupen med finalesiger 1-0 over Manchester United. Han var fyrstemålvakt i Everton til 1997. I 1998 forlet han Everton med klubbrekord i talet på ligakampar, 578. Sidan vakta han målet til Torquay United på nivå fire i to sesongar til sommaren 2000. Gjennom åra vikarierte Southall i seks klubbar, med andrenivålaget Stoke City som den mest kjende av desse klubbane.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Southall spelte 92 landskampar for Wales i tida 1982-97, kaptein i 5 kampar åra 1989-91. Han deltok aldri i ein stor internasjonal meisterskap.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av cupvinnarcupen: 1985 med Everton FC
- Engelsk ligameister: 1985 og 1987 med Everton FC
- Vinnar av FA-cupen: 1984 og 1995 med Everton FC
- Finalist i FA-cupen: 1985 og 1986 med Everton FC
- Finalist i den engelske ligacupen: 1984 med Everton FC
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Neville Southall» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2019.