Nordøya på New Zealand
Nordøya | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Del av | New Zealand | ||
Areal | 113 729 km² | ||
Folketal | 3 519 800 (juni 2015) | ||
Nordøya på New Zealand 39°S 176°E / 39°S 176°E | |||
Wikimedia Commons: North Island, New Zealand |
Nordøya er ei av dei to hovudøyene på New Zealand, den andre er Sørøya.
Der er fleire viktige byar på Nordøya; den største byen på New Zealand, Auckland, ligg i nord, hovudstaden Wellington ligg ved den sørlege enden av øya. Kring 76 % av innbyggjarane på New Zealand bur på Nordøya.
Maorimytologi fortel at Nord- og Sørøyene på New Zealand vart skapte på halvguden Māui si tid.
Segna seier at Māui og brørne hans var ute i kanoen sin og fiska då han fekk ein svær fisk på kroken og drog han opp or sjøen. Men medan han ikkje passa på ein augneblink, slost brørne hans om fisken og hakka han opp.
Denne store fisken vart til Nordøya, slik kjem det seg at māoriane sitt namn på øya er Te Ika a Māui (Māui sin fisk). Fjella og dalane skal ha vorte danna av at brørne til Māui hakka opp fisken.
Nordøya har ei flatevidd på 113,729 km2, dette gjer henne til den 14. største øya på jorda.[1]
Historikk
[endre | endre wikiteksten]På somme kart frå 1800-talet er Nordøya kalla New Munster.
Regionar på Nordøya
[endre | endre wikiteksten]Ni lokale administrative regionar omfattar Nordøya med alle tilstøytande øyer og territoriale farvatn:
- Northland
- Regionen Auckland
- Bay of Plenty
- Gisborne
- Waikato
- Taranaki
- Manawatu-Wanganui
- Hawke's Bay
- Regionen Wellington
Større og mindre byar på Nordøya
[endre | endre wikiteksten](Mindre tettstader er utelatne.)
- Auckland
- Cambridge
- Coromandel
- Foxton
- Gisborne
- Hamilton
- Hastings
- Huntly
- Kerikeri
- Matamata
- Masterton
- Napier
- New Plymouth
- Pahiatua
- Palmerston North
- Raglan
- Rotorua
- Stratford
- Taupo
- Tauranga
- Wellington
Kjende geografiske område
[endre | endre wikiteksten]- Cape Reinga
- Cooksundet (Cook Strait)
- Lake Taupo (Tauposjøen)
- Tongariro nasjonalpark
- Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu
- Waikato River (Waikatoelva)
- Waipoua Forest
- Waitomo Caves (Waitomogrottene)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistics New Zealand Geography - physical features Arkivert 2006-11-30 ved Wayback Machine.
- Statistics New Zealand Arkivert 2006-11-30 ved Wayback Machine.