Pave Felix III
Felix III | |||
Mosaikk av pave Felix i Kosmas og Damiankyrkja i Roma | |||
Felix III | |||
Dåpsnamn | Felix | ||
---|---|---|---|
Fødd | Ukjend dato Samnium | ||
Død | 22. september 530 Roma | ||
Vald | juli 526 | ||
Innsett | 12. juli 526 | ||
Heilagkåra: | Like etter sin død | ||
Festdag: | 22. september | ||
Føregangar: | Johannes I | ||
Etterfylgjar: | Bonifatius II |
Felix III var pave frå 526 til 530. Fordi ein tidlegare pave som òg heitte Felix seinare blei erklært motpave, blir denne paven ofte òg kalla Felix IV.
Han var frå Samnium og var sonen til ein Castorius. Etter at pave Johannnes I vart drepen av den austgotiske kong Theodoric den store, etterkom dei som skulle velje den nye paven kongen sine krav og valde kardinal Felix til pave. Valet fann stad nesten 2 månader etter at Johannes I døydde i fangenskap.
Sidan Felix var kongen sin favoritt, førte det til at kongen skaffa kyrkja større fordelar. Han fekk godkjend at rettssaker mot geistlege skulle handterast av paven. Han definerte kyrkja si lære om nåde og fri vilje som svar på eit ønske om ei motsetning til semipelagianismen i Gallia.
Paven fekk to gamle byggverk på Forum Romanum i gåve frå dronning Amalasuntha. Desse var opphavleg Romuluistempelet og Templum sacrae urbis. Dette siste bygde Felix om og via det til helgenparet Kosmas og Damian som Kosmas og Damiankyrkja.
Felix prøvde å velje sin eigen etterfølgar: Bonifatius. Reaksjonen til senatet var å forby nokon som helst diskusjon om ein etterfølgar til paven resten av livet hans; heller ikkje å akseptere ein nominasjon til same stilling.
Fleirtalet av dei geistlege reagerte på Felix sitt forsøk på å få nominert Bonifatius med å velja Dioscorus til pave, mot mindretalet som stemde for Felix sin kandidat. Dioscorus fungerte som motpave i tjueto dagar, til han døydde. Bonifatius blei den offisielle etterfølgjaren til Felix.