Peder Paulsen Balke
Utsjånad
Peder Paulsen Balke | |||
Fødd | 4. mai 1779 Balke i Østre Toten | ||
---|---|---|---|
Død | 6. september 1840 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | Korporal og storbonde | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Peder Paulsen Balke (4. mai 1779–6. september 1840) var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Østre Toten.
Balke vart dragon i sønnafjelske dragonregiment i 1801, korporal frå 1808 til 1814. Han vart i 1808 utkommandert til Kongsberg og deltok i 1814 i felttoget mot den svenske invasjonsstyrken.
I 1814 var han utsending frå regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Balke stemte med sjølvstendepartiet, men tok sjølv aldri ordet.
Balke overtok farsgarden Østre Balke på Østre Toten i 1813 og dreiv denne til han døydde i 1840.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 57
- Gyldendals store konversasjonsleksikon, 1972
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Peder Paulsen Balke NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- «Peder Paulsen Balke». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017.