Hopp til innhald

Peter Carington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Carington

Fødd6. juni 1919
Chelsea
Død9. juli 2018 (99 år)
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, diplomat, grunneigar
InstitusjonarStorbritannias utenriksdepartement
Utdanna vedEton College
Royal Military College, Sandhurst
Sandroyd School
MorSybil Marion Colville
FarRupert Carington, 5th Baron Carrington
EktefelleIona Ellen McClean
BarnAlexandra Carington, Virginia Carington, Rupert Carington, 7th Baron Carrington
MedlemHosebandordenen
American Academy of Arts and Sciences
Alle verv
  • Generalsekretærar i NATO (1984–1988)
  • Storbritannias utenriksminister (1979–1982)
  • Secretary of State for Energy (1974–1974)
  • Storbritannias forsvarsminister (1970–1974)
  • leder av Overhuset (1963–1964)
  • Chairman of the Conservative Party (1972–1974)
  • First Lord of the Admiralty (1959–1963)
  • medlem av Overhuset (hereditary peer, 1940–1999)
  • Storbritannias høykommissær i Australia (1956–1959)
  • medlem av Overhuset (life peer, 1999–2018) Sjå dette på Wikidata

Peter Carington (6. juni 19199. juli 2018), kjend som lord Carrington, var ein britisk politikar, aktiv for det konservative partiet. Carington var utanriksminister i Storbritannia under Margaret Thatcher frå 1979 til 1982.

Adelsmannen Carington fekk jobben som forsvarsminister då Edward Heath danna regjering i Storbritannia den 20. juni 1970. Straks etter nyår i 1974 tok Carington over som energiminister i Heath-regjeringa, men før to månader var lidne, gjekk Heath og regjeringa av. Då Margaret Thatcher vart utnemnd til statsminister 4. mai 1979, valde ho Carington til å styre Utanriksdepartementet. Carington gjekk av 5. april 1982, berre tre døgn etter Argentina invaderte Falklandsøyane. Han tok såleis ansvar for at departementet han styrte, ikkje hadde føresett invasjonen.

Frå juni 1984 var Carington generalsekretær i NATO i fire år til 1. juni 1988.